Brukarane med i nemnda for bustadsosial plan

Venstre og Hogne Kvangarsnes fekk heile kommunestyret med seg då han føreslo å utvide plannemnda for bustadsosial handlingsplan med ein medlem vald av brukargruppene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Ein slik handlingsplan for Fjaler er eit viktig arbeid. Nemnda står framfor ein omfattande jobb og eit krevjande saksfelt. Saka vil også medføre økonomiske utfordringar, meinte Kvangarsnes under gårsdagens handsaming i kommunestyret.
– I Venstre meiner vi det kan vere fornuftig å involvere brukargruppene meir aktivt og direkte i planarbeidet. Dette kan vi gjere ved å utvide plannemnda med ein medlem, og gi brukargruppene mandat til å velje ein fast medlem i nemnda, sa Kvangarsnes.
Nemnda får i oppgåve å lage ein eigen bustadsosial handlingsplan knytta til trongen for institusjonsplassar, omsorgsbustader, avlastning/barnebustader, trygdebustader, bustader for flyktningar m.m. Nemnda vert samansett av tre medlemmer valde av kommunestyret — saman med representantar frå den kommunale administrasjonen.
I tillegg får altså referansegruppa samansett av representantar frå brukargruppene ein fast plass i plannemnda.
Kommunestyret valde Marita Solheim (H), Jan Ulltang (Sp) og Nina Yndestad (Ap) som medlemmer i nemnda — med Ingunn Eiken (V) og Terje Møller (uavh) som varafolk. Solheim vert leiar av nemnda som skal legge fra planen for politisk handsaming i kommunestyret innan utgangen av september 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**