Ingebjørg er ein dyktig og røynd politikar. Ho har markert seg godt dei siste åra. Ho vil visa igjen i fylkespolitikken, sa May Britt Vihovde, leiar av nominasjonskomiteen då ho presenterte lista til nominasjonsmøtet.
Undheim ser no fram til å ta fatt på fleire utfordringar og arbeidsoppgåver i politikken. Eg er veldig audmjuk over å få lov til å verta så sentral i neste valkamp for Noregs liberale parti, seier Undheim.
Venstre har framtidas løysingar på dagens utfordringar. Rogaland treng eit sterkt og aktivt Venstre, seier Undheim.
Ingebjørg arbeidar i dag som tolloverinspektør ved Stavanger tolldistrikt. Ho er opptatt av kompetanseheving av lærarane, godt jordvern, betre kollektivtrafikk og hyppigare avgangar langs Jærbanen.