Valfridom i sentrum

Tore Eikeland frå AUF gjev 11. desember svar til mitt innlegg i debatten kring yrkesfaga i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bjørn Magne Hufthammer

Foto: MK

Før eg vel å arrestere Eikeland på nokre punkt, vil eg gje skryt til Bergensavisen, som gjev oss høve til å ta denne debatten. Ein sakleg debatt kring eit vanskeleg tema er ikkje kvardagskost i ein norsk mediekvardag prega av det sensasjonelle, og dette lover godt for den komande fylkesvalkampen.

Glatt AP-retorikk
Det som kanskje ikkje lover like godt, er at Eikeland sitt innlegg ber eit visst preg av glatt masseprodusert AP-retorikk. Som tilsett i fiskerinæringa på Austevoll er eg vant med å få skitt under neglene, men det solide stykke gravearbeid som er naudsynt for å finne fram til AUF-leiaren sitt poeng, er ei utfordring sjølv for meg. Eikeland hevdar at lovfesta rett til lærlingeplass handlar om "respekt for enkelteleven", men seier ingenting om kor vidt tiltaket vil fungere — eller om det vil fungere betre enn andre tiltak ein heller kunne brukt tid og ressursar på. Vidare seier han at yrkesfagelevar han har møtt ikkje nødvendigvis etterlyser ein reduksjon i teori i skulen. Anten har eit AP-hjarte vanskeleg for å skjøne at eit høve til å velje mindre teori ikkje tyder at dei som ikkje ynskjer det vert tvungne til det same, eller så mistolkar han meg med vilje. Mitt framlegg går ut på å gje eit differensiert tilbod i fleire teoretiske fag på dei yrkesfaglege linene slik ein i dag gjev i matematikk. Det står ikkje i motsetnad til meir yrkesrelevant undervisning i dei faga som allereie fins.

bedrift

Foto: Microsoft

Vil fjerne arbeidsavgjevaravgifta
Eikeland held også fram med sitt poeng om at korkje NHO eller LO er einige i Venstre sitt framlegg om å fjerne arbeidsgjevaravgifta på lærlingar. Det sit kanskje langt inne for ein sosialdemokrat å vedkjenne seg at ikkje alle stør seg på det korporative Noreg når dei skal utarbeide politikk, men Venstre tek utgangspunkt i røynda til ei rekke små og mellomstore verksemder som mange gonger har etterlyst eit slik tiltak. Ei fjerning eller ein reduksjon i arbeidsgjevaravgifta for lærlingar vil gjere det meir attraktivt og meir lønsamt for små verksemder å ta inn nett lærlingar.

Bjørn Magne Hufthammer,
Fylkestingsrepresentant frå Venstre

Innlegget sto på trykk i BA 15. desember.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**