Ordensvaktlova må tilpassast frivillig engasjement

Venstre ser at den nye ordensvaktlova, som skal tre i kraft over nyttår, vil by på store utfordringar for utestadar som vert drivne på frivillig basis. Lova vil regulere utelivsbransjen og det sivile samfunnet i endå større grad enn før, og Venstre ser det som naudsynt å gjere tilpassingar slik at lova ikkje får for dramatiske følgjer for særleg det frivillige engasjementet i studentmiljø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Endringane i lov om vaktverksemd (ordensvaktlova) vil mellom anna føre til at alle ordensvaktar, som tidlegare berre hadde krav om lokalt utforma ordensvaktkurs, no må ha ei omfattande vektarkursing som er svært kostbar. Ordensvaktene blir i den nye lova likestilte med vektarar, noko som medfører krav om tilsetjing i eit offentleg godkjent vakselskap. Alle organisasjonar som i dag nyttar frivillige ordensvaktar vil i staden måtta leige inn vektarar, noko som særskild vil ramme studentdrivne utestader. Fleire av desse har varsla at dei må stenge dørene dersom dei ikkje får forskriftsmessig unnatak frå somme av krava i lova.

Venstre trur frivillige ordensvaktar, med sosial forankring i dei aktuelle miljøa, i mange tilfelle kan verka konfliktdempande og ha ein positiv effekt på det sosiale miljøet, noko som også vert stadfesta av Hordaland politidistrikt i ei høyringsfråsegn til den nye lova. Med andre ord kan det sjå ut til at lova for desse utestadane sitt vedkomande tek sikte på å løyse eit problem som er ikkje-eksisterande, og snarare vil kunne føre til mindre trygge arrangement enn dagens ordning med sosialt forankra ordensvakter. Etter Venstre sitt syn vil endringane i ordensvaktlova få uakseptable konsekvensar for frivillige organisasjonar, og det er naudsynt å gjere tilpassingar. Venstre vil difor be om at regjeringa i utforminga av forskrifter til lova gjer unnatak for ordensvakter som er tilsette på initiativ frå serveringsstadar sjølve, utan pålegg frå politiet. I tillegg bør det opnast for eit foreinkla opplæringsprogram i regi av politiet for tilsette som utfører vaktteneste i ei verksemd som ikkje utfører ervervsmessig vaktteneste, slik som studentutestadar. Er ikkje dette mogleg å få til gjennom forskriftsarbeidet, bør ein vurdere å gjennomføre dei endringar i lovteksten som må til for å verne om den frivillige utelivskulturen sin fortsatte eksistens.

Klikk her for å komme til forsiden

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**