Venstre tenker langsiktig i busjettet i Arendal

Venstre stiller seg bak posisjonens budsjettforslag og håpar vi får med eit breidt fleirtal i bystyret for forslaget. Men staten gjer arbeidet unødig vanskeleg for oss, seier Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


For Venstre er det viktig å forsøke å få til langsiktige og gode løysingar. Vi er glade for at vi har fått gjennomslag for halvert byggesaksgebyr for passivhus, at det ikkje blir redusert omsorgslønn, at vi fortsatt skal planlegge nytt krisesenter. Vi er glade for at alle i posisjonen — og heile bystyret – vil ta vare på Nyskogen, lindrende avdeling, høgare tempo på planlegging av bygg som kan binde saman Solhaug og Margretastiftelsen, og at vi vil starte bygging av Stuenes og Roligheten skolar etter planen vi vedtok i desember i fjor. Vi er glade for at vi setter av pengar til å få fleire inn i kvalifiseringsprogrammet, etter at staten svikta oss. Venstre tok jo dette opp i debatten om tertialrapporten i juni.

Vi har unngått flate kutt i 2011, men det ser skummelt ut i 2012. Her må vi alle saman vere modige. Vi kan ikkje by våre tilsette flate kutt i omsorg og skole i 2012.

Så er det noen forhold Venstre vil kommentere. Det er ikkje alt folkevalte eller rådmannen har full råderett over.

Arendal Internasjonale Skole

Det statlege regelverket gjer det umogleg å drive Arendal Internasjonale Skole vidare som nå. På eit tidspunkt må skolen organiserast utanfor kommunen. Men det er fullt mogleg å søke forlenga forsøksperiode, og det må vi gjere for å sikre at skoletilbodet er på plass samanhengande.

Tjuveriet av 23 millionar

Regjeringa har funne ut at utdanningsnivået i ein kommune er viktig for utrekning av barnehagetilskotet som del av overføringane frå staten. Det taper Arendal kommune 23 millionar på, mens Bærum får 52 millionar kroner ekstra. Med eit pennestrok er Arendal kommune 23 millionar fattigare kvart einaste år så lenge vi har denne regjeringa. I 2005 skulle særleg SV fjerne fattigdommen, og anklaga Bondevikregjeringa for å ha svikta totalt. I 2009 skulle SV og resten av regjeringa "bekjempe" fattigdomen, altså sterkt redusert ambisjonsnivå. Og nå i 2010 skal regjeringspartia styrke fattigdommen og gjere den verre, mens dei dekker seg bak såkalla "objektive kriterier". Venstre er heilt einig i at utdanningsnivået verkar inn på barnehagane. Men regjeringspartia har jo snudd det heile totalt på hovudet. Vi kan ikkje gjere fattigfolk rikare ved å ta frå dei noe av det lille dei har og heller gi det til dei som er rikare. Det står noe nom dette så tidleg som i Matteus evangelium.

Du kan ikkje skape utjamning i Norge med å ta pengar frå Vennesla, Arendal, Tvedestrand, Gjerstad og Åmli og sende pengane til Bærum, Asker og Sola. 2000 barn i Aust-Agder lever under fattigdomsgrensa, viser nyaste statistikken frå 2009. 700 av desse barna bur i Arendal. Regjeringas svar på denne fattigdomsutfordringa er å svekke busjettet vårt med 23 millionar. Det er mange statsrådar i regjeringa, men vi ser at ingen av dei heiter Robin Hood.

Før jul i fjor foreslo Venstre at forskarane bak rapporten "Et liv jeg ikke valgte" om unge uføre på Agder skulle kome til komité og bystyre. Forskarane kom. Fleire av oss var også med på heildagsseminaret på Universitetet i Agder 25. november, i tillegg til at Arendal Venstre hadde eit eige seminar med godt frammøte av fagfolk i september. Eitt fellestrekk går igjen: VI KAN IKKJE LØYSE PROBLEMA FOR UNGE UFØRE MED Å VENTE TIL DEI UNGE ER BLITT UFØRE. Vi må bryte den sosiale arven, vi må gå tidleg inn i familiane, i barnehagen, med kvalifisert hjelp tidleg i skolen, og vi må kjempe mot rus, mot fråfall i skolen og for å styrke evnene til kvar enkelt. Og ennå er det mykje meir som må til for å gjere best mogleg arbeid for kvart enkelt barn og kvar enkelt ungdom. Lokalt må vi blant anna sørge for at vi legg opp boligpolitikken slik at ikkje alle med sosiale problem blir buande i same nabolaget.

Atle Svendal og eg tok opp forslag om å søke staten om ei stor tiltakspakke, omtrent på linje med Finnmarkspakker og andre Nord-Norgepakker som det har vore eindel av. Fylkesmannen tok ballen, og sendte søknad om utdanning og tidleg innsats, med Åmli og Arendal som pilotkommunar. Drøyt 7 millionar kr pr år i tre år var søknadssummen. Nå har regjeringa svart. I staden for ei stor og høgst nødvendig tiltakspakke tilbyr staten Fylkesmannen eit årsverk over to år for å arbeide med problemstillinga. Det var eit tynt svar frå staten på eit fyldig og velbegrunna spørsmål.

Her er svaret, slik eg har fått det formidla frå Fylkesmannen: "Vi var i møte med departementet i slutten av september, og fikk i dette møtet beskjed om at søknaden i sin helhet ikke ville bli innfridd. De mente at mye av det vi søkte om var tiltak som burde ligge til kommunal drift. (Vi søkte om 7.255.000.- pr år i en tre års periode) Vi har imidlertid fått muntlig tilsagn om en stilling hos som kan jobbe målrettet med levekår i de to kommunene, samt noe drifts- og evalueringsmidler. Denne stillingen vil bli utlyst så snart midlene foreligger.

Vi har hatt møter med begge kommuner i ettertid og "0- stilt" det hele litt, og kommet frem til at vi bør spisse innsatsen noe. Et nytt brev/søknad er sendt departementet. Kommunene er innstilte på å jobbe med temaet, men ønsker seg nok mer ressurser inn i egen organisasjon enn en ekstra stilling hos Fylkesmannen kan gi." (e-post frå Anne-Kari Thomassen, Fylkesmannen).

Bortkasta leksehjelp

Ei anna viktig statsinnblanding som verkar direkte inn på budsjettet vårt er at alle skolar er tvungne til å gi frivillig leksehjelp til elevane i 1.-4. klasse. For å vere lovlydige stemte bystyret for denne ordninga. Eg var den einaste som stemte mot dette tullet. Arendal Venstre har sendt spørsmål til rektorane skolane om kva skolane meiner, kva erfaringar dei har, om kvaliteten blir god nok, kor mange som er med, om pengane kunne vore brukt betre, og om det er risiko for at tvungen frivillig leksehjelp gjer at foreldre reduserer plassen — og betalinga — i SFO. Svara er skummelt eintydige:

– Dette er IKKJE fornuftig bruk av pengane.
– Barn i 1.-4.klasse treng individuell leksehjelp, ikkje sjølvstendig ansvar for eiga læring i eit rom der det er 10-25 ungar og 1-2 vaksne som i dei fleste tilfelle heller ikkje er utdanna pedagogar
– Behovet for slik leksehjelp er mykje større i mellomtrinn og ungdomsskole.
– Dei fleste ser klar tendens til at 100%-plassar i SFO blir redusert til 40%-plassar, at 40%-plassar blir redusert til null og at fleire sluttar i SFO tidlegare enn før. SFO er ein integrert del av økonomien på skolen, og dermed tar denne tvungne frivillige leksehjelpa i tillegg til å vere fagleg verdilaus også pengar frå det skolebudsjettet som er høgst nødvendig for å gi ungane best mogleg start i livet.
– Noen skolar tar også opp skyssproblemet. Berre noen få skoleelevar har gangavstand heim.

Venstre har ikkje fått med seg resten av posisjonen på å kutte ut denne misforståtte leksehjelpordninga, fordi resten av posisjonen — i alle fall foreløpig — ikkje vil bryte regjeringsdiktatet. Men når samtlege rektorar vi har hatt kontakt med, og det er dei aller fleste, meiner ordninga er totalt bortkasta, må vi få med oss KS og Skole-Norge og få endra regjeringsdiktatet til noe fornuftig

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**