50% rabatt til passivhus i Arendal!

“Det arbeides for å gi 50 prosent rabatt av gebyret for tiltak som oppfyller kriteriene for passivhusnivå i henhold til gjeldende Norsk Standard”, fekk Venstres Dega Abdi Aman og Jan Kløvstad fleirtal for i Arendal bystyre i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Forslaget blei lagt fram under Sak 2010/141 Revisjon av gebyrregulativ for plan- og byggesak i bystyret i dag.

Jan Kløvstad har dette innlegget:
Det skjer mykje spennande med miljøvennlege bygg nå. Eg var så heldig å få vere med på ein studietur til Växjö, som kaller seg Europas grønaste by.

Passivhus Växjö

Foto: Jan Kløvstad

Der var vi inne i ei treblokk på åtte etasjar, bygd i massivt tre, – og etter alle standardar for passivhus. Vanleg norsk kunnskap har til nå handla om det det ikkje bør vere meir enn tre-fire etasjar i trehus. Men nå bygger altså svenskane meir enn dobbelt så høgt. Det er det kommunale boligbyggelaget i Växjö som eig dei to massive — og passive — blokkene. Derfor sender eg utfordringa til Arendal Boligbyggelag: Slutt med sement og betong, gi oss miljøvennlege passivhus i tre! Den same utfordringa gjeld sjølvsagt dei bygga vi nettopp har vedtatt å bygge: Stuenes skole og Roligheten skole, framtidig samanbygging mellom Solhaug og Margrethestiftelsen og andre kommunale bygg.

Også det nye rådgjevingsprogrammet "Agder Wood" peikar i same retning. Dette er eit nytt prosjekt som skal fremme klimavennleg og energismart bygging i tre. Fylkeskommunane og fylkesmennene på Agder er med saman med Husbanken, Fremtidens Byer Kristiansand og Trefokus AS.

Venstre har stilt forslag om passivhus fleire gonger undervegs i kommuneplanarbeidet, og i reguleringsplanar som for eksempel ved Flodda i Myra. Nå må heile kommunen vere med. I 2015 skal det kome ny teknisk forskift med passivstandard.

 Vinduskarmen i passivhus i Växjö

Vinduskarmen i passivhus i Växjö
Foto: Jan Kløvstad

Å bygge passivhus, både villaer, rekkehus, leiligheiter, hytter og blokker som passivhus gir ein mykje betre marknadsverdi, sterkt redusert straumrekning for dei som er heldige å få bu i slike hus — og er i tillegg eit godt klimatiltak. Agder Wood vil gå inn med råd og støtte til ei beste passivhusprosjekta i Agderfylka. Også Enova blir med. I denne konkurransen skal Arendal vere i aller fremste rekke.

I budsjettforslaget for 2011 har Venstre som nemnt i budsjettdebatten fått med seg resten av posisjonen i kravet om halvt byggegebyr på passivhus. Derfor er det naturleg at vi følgjer opp med den konkrete formuleringa også i saka om revisjon av gebyrregulativ for plan- og byggesak.

I debatten i bystyret varsla Frp ved Arne Austenå og Åshild Haugland at Frp ville gå mot forslaget.

Og i avstemminga fekk Venstres forslag 26 stemmer og blei vedtatt mot stemmene frå Frp, to frå Pensjonistpartiet og to frå Høgre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**