Ope brev til Gunvor Sunde – og andre som er på leit etter politisk rotfeste

Sogn og Fjordane Venstre har registrert at du har meldt deg ut av Det norske Arbeidarparti, og at du vil danne eit nytt parti. Vi ynskjer å vise til Jan Atle Stang sin leiar i Firda 04.12.10 der han påpeikar at det er trangt politisk rom der partiet ville hamne, og at protest og frustrasjon åleine er ei vanskeleg politisk plattform.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Nyhetsbrev

"Sjå på Venstre" var eit slagord for nokre år sidan, og nettopp det vil vi oppmode deg om å gjere. I Venstre trur vi du vil finne deg vel til rette, og vi har ei politisk brei plattform som på nokre felt ligg nær AP, sidan Venstre er AP si politiske mor. På andre felt er avstanden til Det norske Arbeidarparti stor. Mellom anna har Venstre tatt initiativ ovanfor helseministeren der vi ber om at nedbygginga av lokalsjukehusa vert stansa inntil ein har vurdert konsekvensane av strukturendringane i helseføretaka.

Vi i Venstre fryktar at eit nytt parti i sentrum av norsk politikk vil ramme dei eksisterande sentrumspartia i staden for Arbeiderpartiet. Vi oppmodar difor deg til å vurdere Venstre og vel møtt skal du vere.

Med helsing

Gruppeleiar Gloppen Venstre Vigdis Henden og 2.nestleiar i Sogn og Fjordane Venstre Vigdis Tonning

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**