Tryggleiken til folk må takast på alvor

Marit Barsnes Krogsæter er svært glad for at Borghild Tenden har sendt brev til helseministeren der ho ber om at ein ser på dei samfunnsrekneskap og på risikoen til fødande og andre pasientar, før ho gir grønt lys til forslag frå Helseføretaka.

Tryggleiken til folk må takast på alvor. Det nyttar ikkje at Fylkeskommunen løyver pengar til tiltak og omdømebygging for å få ungdom til å flytte tilbake, når fødande må reise i timevis for å føde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

Det ser ut som om det er økonomien som styrer føretaka, men det er svært viktig at det meste av pengane blir brukt til å behandle pasientar og ikkje til transport av dei.

Med lengre avstandar til helsetenestene vert kostnadar overførde til private og næringslivet i form av auka reisetid og fleire dagar med fråvær.

– Eg trudde at samhandlingsreforma skulle styrke primærhelsetenesta og ei desentralisert spesialisthelseteneste. I staden ser det ut som helseføretaka med regjeringa si velsigning brukar den til å rasere det helsetilboda vi har, seier Barsnes Krogsæter.

– Eg vonar at parti som sit i posisjon i Sogn og Fjordane og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane no brukar kanalane inn mot eiga regjering , i staden for lokalmedia og sosiale media, for å uttrykke si misnøye med det som skjer i Helseforetaka, avsluttar fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter.

Les artikkel om initiativ frå Borghild Tenden på www.venstre.no Ber om midlertidig stans i nedbygging av lokalsykehus

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**