Vegard er en dyktig og røynd politikar. Han har markert seg godt dei siste åra. Han vil visa igjen på fylkestinget, sa May Britt Vihovde, leiar av nominasjonskomiteen då ho presenterte lista til nominasjonsmøtet.
Floa ser no fram til å ta fatt på fleire utfordringar og arbeidsoppgåver i politikken. Eg er veldig audmjuk over å få lov til å verta så sentral i neste valkamp for Noregs liberale parti, seier Floa.
Venstre har framtidas løysingar på dagens utfordringar. Rogaland treng eit sterkt og aktivt Venstre, seier Floa.
Floa arbeidar i dag som sakshandsamar i NAV Forvaltning Sauda. Han er oppteken av lokaldemokratiets vilkår og at politikarane skal vera veljarane sitt ombod i og utanfor kommunen.