Gro Skartveit er andrekandidat på Venstres fylkesliste

Rogaland Venstre hadde i helga sitt nominasjonsmøte for fylkestingslista til valet i 2011. Gro Skartveit frå Halsnøy vart samrøystes valt til å stå på andreplass på lista. Skartveit sit i dag på fylkestinget er i dag den einaste representanten frå Finnøy kommune i fylkestinget. Ved valet i 2011 vil ho truleg være einaste kandidaten frå Finnøy som har sikker plass på ei lista til fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Gro Skartveit

Foto: Vidar Grundetjern

— Me har fått satt samen ei god gruppe med dyktige og godt motiverte kandidatar. Eg er overbevist om at desse kan gjøre ein god jobb i fylkespolitikken, sa leiar av nominasjonskomiteen, May Britt Vihovde.

Skartveit ser no fram til å ta fatt på fleire utfordringar og arbeidsoppgåver i politikken. — Eg er veldig audmjuk over å få lov til å verta så sentral i neste valkamp for Noregs liberale parti, seier Skartveit.

— Eg vil vere ei ombodskvinne i politikken , noko som vil seie at eg er forplikta til å lytte til innspel frå ulike synspunkt frå heile fylket. Det er òg viktig for meg å ha fokus på distrikta, byane har som regel mange talspersonar, seier Skartveit. Ho legg til at ho ser at det er viktig for Finnøy å ha ein representant på fylkestinget. – Me er ein unik kommune som har mange utfordringar andre i fylket ikkje kjenner godt nok til. Sjølv om eg skal representere heile fylket vil eg òg formidle Finnøy sine utfordringar, seier ho.

Den siste perioden på fylkestinget så har gjelda til fylkeskommunen vekse mykje. Skartveit har kjempa i mot denne utviklinga. — Venstre vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk. Me må dramatisk redusera veksten i fylkets gjeldsbyrde, seier Skartveit.

Skartveit er utdanna sosionom og har i mange år jobba med rusavhengige og deira pårøyrande. I tillegg til politisk arbeid har ho i dag eit enkeltmannsføretak der ho mellom anna har samtalar og føredrag. Skartveit sit også i styret til Helse Vest.

Se resten av lista

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**