Bustadfelta i Lia og Vågen ligg innanfor akseptabel gang- og sykkelavstand til busstoppet i Dragsundet. Når det no kanskje også vert gangveg rundt Palmesvingen vert det også mindre trafikkfarleg å gå eller sykle hit.
Dersom skodjebygdarane sitt næraste busstopp vert på Digernesskiftet fører det til at mange må bruke bil for å kome til bussen. Og har vi først sett oss i bilen, er det lett å køyre nokre kilometer til, kanskje heilt fram dit vi skal.
Skodje Venstre meiner at eit busstopp i Dragsundet er avgjerande for at skodjebygdarane skal kunne gjere seg nytte av kollektivtrafikken på ein tenleg måte.
Vil ha busstopp
Skodje Venstre, samla til medlemsmøte 22. november, er kjent med at det ligg føre planar om å leggje ned busstoppet i Dragsundet når den nye bussterminalen på Digernesskiftet står ferdig. Dette meiner vi er ei uheldig utvikling.