Vil AUF akseptera at det blir auka skilnader?

I dette innlegget frå sundag 28. november spør Bjørn Magne Hufthammer om Ap sin motstand mot skildnader på folk også gjer at dei motsetter seg individuelle løysingar for den einskilde skuleelev.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bjørn Magne Hufthammer

Foto: MK

Svarar AUF i Bergensavisen
Tore Eikeland frå AUF kjem med tilsvar til meg i BA 22. november. Fyrst vil eg gje Eikeland honnør for viljen til å setje tilhøva i yrkesfaga på dagsorden. Eg vonar eg kan bidra til ein konstruktiv og løysingsorientert debatt kring eit tema som ikkje har vert ovleg velsigna med merksemd dei siste åra.

Eikeland etterlyser ein meir presis argumentasjon frå meg. Det skal han få. Han etterlyser også samarbeid med Venstre om å løyse utfordringane i den vidaregåande skulen i Hordaland, og det gjer me også gjerne. Venstre er alltid opne for gode løysingar for skulen. Me er berre ikkje overtydd om at Arbeidarpartiet sine løysingar er spesielt gode.

Ungdomsleiaren i AUF trekker fram mange gode poeng i sitt innlegg. Eg er samd i mykje. Men det som skil Venstre frå Arbeidarpartiet i denne saka er etter mi meining fokuset på praktiske løysingar heller enn ideologiske skylappar. AUF vil lovfeste rettar frå Stortinget — Venstre vil heller at nasjonalforsamlinga skal vedta ein reduksjon i arbeidsgivaravgifta for lærlingar, slik at me kan gi lokale verksemder praktisk høve til å ta inn fleire. AUF vil auke lærlingtilskotet — men problemet er ikkje i hovudsak at tilskotet er for lite, det er at det ikkje er nok lærlingplassar å nytte tilskotet på. Her må det offentlege feie for eiga dør før dei lovfestar plikter for andre. I Venstre sitt alternative fylkesbudsjett for 2011 vil me setja av midlar til at fylkeskommunen sjølv kan verte betre til å ta inn fleire lærlingar. Det er eit konkret tiltak av typen eg ikkje kan sjå at Ap har kome med.

Skole, elev, tavle, undervisning

Foto: Microsoft

Auka skilnader er naudsynd for auka valfridom
Den største skilnaden er nok likevel synet på likskap og einsretting — trur eg. Eg skal ikkje la fordommar styre min eigen oppfatning. Derfor ynskjer eg å spørja Tore Eikeland; Venstre vil gjere det mogleg å redusere teorimengda i yrkesfaga. Me vil at slik ein i dag kan velje mellom praktisk retta matematikk og teoretisk retta matematikk, bør ein kunne velja mellom praktisk retta norsk og teoretisk retta norsk; mellom praktisk samfunnsfag, og teoretisk samfunnsfag. Kort sagt: Me vil flytte makt frå skulebyråkratane til skuleelevane. Auka valfridom betyr auka skilnader, for ulike menneske tek ulike val; det vil verte skilnader mellom dei elevane som vel dei praktiske faga, og dei elevane som vel dei teoretiske faga — på skulen, og på arbeidsmarknaden. Er AUF viljuge til å akseptere auka skilnader i den vidaregåande skulen for også å få auka valfridom?

Bjørn Magne Hufthammer
Fylkestingsrepresentant for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**