Hausten 2006 samla eg og andre medlemmer av Bergen Unge Venstre inn over 350 underskrifter i Bergen med krav om at Frederiksberg fort på Nordnes skulle opnast for publikum. Frederiksberg fort vart bygd på slutten av 1600-talet og var i si tid ein integrert del av festningsverka rundt byen, men blei i 1872 overlate til Bergen kommune.
I kontrast til dei gamle festningsverka på Bergenhus og Sverresborg, som staten har ansvar for, har Bergen kommune halde Frederiksberg lukka for publikum heilt sidan då. Som eit resultat av dei innsamla underskriftene vedtok bystyret 23. april 2007 einstemmig å opne fortet.
Sidan april 2007 har tilsynelatande ingenting skjedd i denne saka, og fortet er framleis lukka. I BT 20. januar 2009 sa Christine B. Meyer, som då var byråden ansvarleg for saka, at ho ville vurdere om ho skulle gjennomføre det einstemmige vedtaket i bystyret. Ho viste til at Bergen Kommunale Bygg (BKB) meiner det må setjast opp gjerde og etablerast vakthald på fortet før det kan opnast for publikum. «Da må vi se på hva dette vil koste, før vi kan ta stilling til hva vi gjør», sa Meyer.
Men dette var nøyaktig det same som BKB sa i høyringsuttalelsen sin til bystyret, datert 22. januar 2007. På dei to åra som hadde gått til då, kunne byråden altså ikkje vise til at det var gjort noko som helst meir med saka.
Vinteren 2010 var det den nye byråden Harald Victor Hove sin tur. På spørsmål i byrådet sin finanskomité svarte han at byrådet hadde bestemt seg for å ikkje opne festningen fordi det blei for dyrt. Han la ikkje fram nokon tal, eller nokon utgreiingar om kva byrådet faktisk har gjort for å gjennomføre bystyret sitt einstemmige vedtak. Saka var tilsynelatande berre skrinlagt.
Ordninga med innbyggjarinitiativ inneber at kven som helst kan få saker dei er engasjerte i, behandla i bystyret dersom dei samlar inn 300 underskrifter. Dette vart innført i 2004 for å auka engasjementet for lokaldemokratiet i kommunestyre og fylkesting.
Utvalet som la fram ordninga skildra ho som «ein ny og viktig demokratisk rett». Frederiksberg-saka såg først ut til å vera ein god start for denne ordninga i Bergen kommune, då ho vart teken opp til behandling og einstemmig vedteken. Men om byrådet nektar å følgja opp vedtaket, hjelper dette lite. Som initiativtakar for innbyggjarinitiativet den gongen for fire år sidan, forventar eg at byrådet no kan gi dei 350 som skreiv under på oppropet, svar på ein del spørsmål som melder seg:
* Kan byrådet gjere greie for kva som er gjort for å få gjennomført kommunestyret sitt vedtak frå april 2007 om å opne Frederiksberg, og slik leggje til ro mistanken om at dei berre har lagt saka i ei skuff utan å gjera noko som helst?
* Kvifor er det umogleg å opna Frederiksberg utan å setje opp gjerde, når mange andre festningar og fort med høge murar, inkludert Sverresborg her i bergen, er opne for publikum?
* Dersom det er for farleg for publikum å bevege seg rundt på Frederiksberg utan sikring, korleis kan byrådet då halde fram med å la ein barne- og ungdomsorganisasjon nytte fortet utan oppsyn, gjerde eller profesjonelt vakthald?
* Dersom kommunen ikkje har råd til å opne Frederiksberg sjølv, har dei teke kontakt med nasjonale styresmakter for å få overdratt festningen til staten, til dømes til Nasjonale Festningsverk, slik at dei kan ta seg av oppgåva?
* Har kommunen teke kontakt med Bergen bymuseum for å høyre om fagfolka der ser eit musealt potensial i fortet?
* Har byrådet gjort seg nokon tankar om kva det gjer med respekten for lokaldemokratiet dersom byrådet overser innbyggjarinitiativ, sjølv når dei har ført fram til einstemmige byrådsvedtak?
–Øystein Hellesøe Brekke,
tidlegare leiar av Bergen Unge Venstre