Senterpartiet skuffa distrikta i Stortinget i dag
Regjeringspartia og KrF stemte i dag ned Venstre sitt framlegg om å liberalisere lovverket knytt til lokal produksjon av alkoholhaldige produkt som sider og øl. Venstre er ikkje i tvil om at loven som i dag forbyr sal av eigenprodusert øl, vin og brennevin direkte frå eige gardsbruk, må fjernast.
– Senterpartiet svikter distrikta når de ikkje vil opne for at bønder skal få selje varene sine frå garden eller tillate å omtale produkta sine på eigne nettsider, seier ordførar i Ulvik Mona Hellesnes (V).
Sånn type gründerskap vil me jo ha. Det er framtida til norske bygder, seier Hellesnes.
Dagens lovverk forbyr lokale produsentar av øl, vin og brennevin, å selje varene sine direkte frå garden.
Ingen trussel mot norsk alkoholpolitikk
Dette er ikkje ein trugsel mot norsk alkoholpolitikk. Dette handlar om lange tradisjonar knytt til lokal utnytting av råvarer, og ville gje auka kunnskap om norske landbrukstradisjonar, saman med ein meirverdi til opplevinga rundt produksjonen og gardshistoria, seier Hellesnes.
Ei taxfree-kvote bør det være lov å kjøpe. I tillegg til at nordmenn skal få kjøpe varene, ynskjer Venstreordføraren at utanlandske turistar skal få lov til å ta med seg heim norskproduserte flasker.
Når turistane kjem hit, hadde me som land hatt meir utbytte av at folk hadde nytta kvoten sin til lokale produkt når dei reiser ut av landet, framfor importert vin kjøpt i taxfree-butikken, påpeker ho.
Helseminister Strøm-Erichsen har totalt avvist forslaget og meiner det trugar Vinmonopolet sin eksistens. Venstre er ueinig. Dette er ein næring som kan gje fleire arbeidsplassar i distrikta, i tillegg til å trygge ein del av det tradisjonelle landbruket som fruktprodusentane er.