Sykkelvegar i Åsane

I ei ikkje altfor fjern framtid skal det byggjast bybane frå Bergen sentrum til Åsane, med ny tunnel mellom Sandviken og Eidsvåg. Kva med å nytta høvet til å laga ein sykkeltunnel parallelt med denne?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Sykkelpremie

Bergen har eit stort behov for fleire sykkelvegar. Dette veit alle som har prøvd å sykla i Bergen sentrum, men det same gjeld også i Åsane. Til dømes bur tusenvis av åsabuer innanfor ein kort sykkeltur frå Åsane senter, men det er på ingen måte lagt til rette for sykling dit, og finst heller ikkje sykkelparkeringsplassar.

Det same gjeld Åsane terminal. Der kunne park-and-ride for syklistar på veg til byen vera like naturleg som for bilistar, men syklistane er per i dag henviste til å låsa sykkelen fast til gjerde eller lyktestolpar. Syklistar i Åsane har stort sett valet mellom anten sterkt trafikerte vegar, eller fortau der dei fort kan komma i konflikt med fotgjengarar. BA slår fast i ein artikkel den 11. november at Åsane er den bydelen som kjem klart dårlegast ut når det gjeld sykkelvegar, slik som det er i dag.

Byrådet har no lagt fram ein plan for kva dei vil byggja av sykkelvegar fram til 2013. Det er bra at det i det heile tatt blir gjort noko som helst, men planen kan vanskeleg kallast ambisiøs. For Åsane sin del er det ikkje planlagt nokon aktivitet før i 2012, då ein vil starte arbeidet på Salhusvegen.

Sykkelvei - skilt

I 2013 er det lagt inn planar om å byggja frå Salhusvegen til Nyborg, som del av planarbeidet med nye IKEA. Meir kan ikkje Åsane venta seg i denne perioden. Dei tettast befolka områda i bydelen er ikkje nemnt, heller ikkje strekninga mellom der dei fleste åsabuer bur og Bergen sentrum.

Åsane Venstre er glade for at det i det minste finst ein plan for utbygging av sykkelnettet. Me er òg svært fornøgde med at byrådet understrekar at det no skal byggast reine sykkelvegar, der gåande og syklande blir skilt frå kvarandre. Dette er eit framskritt.

Men byråd Lisbeth Iversen sjølv strekkjer seg ikkje lenger enn å kalla planen "helt greit som et utgangspunkt". Dette er me einige i. No gjeld det å jobba vidare frå dette utgangspunktet og gå frå eit greitt utgangspunkt til ei ambisiøs satsing og visjonar. Gjer det trygt og enkelt å bruka sykkel som framkomstmiddel frå stad til stad i Åsane.

Og ha langsiktige visjonar: Andelen reiser mellom Bergen sentrum og Åsane der sykkel er framkomstmiddelet, er i dag 1 %, og for dei som kjenner geografien er dette ikkje overraskande. I ei ikkje altfor fjern framtid skal det byggjast bybane frå Bergen sentrum til Åsane, med ny tunnel mellom Sandviken og Eidsvåg. Kva med å nytta høvet til å laga ein sykkeltunnel parallelt med denne?

Sykkel Bergen

Det høyrest kanskje overdrive ambisiøst ut, men om ein slik tunnel først er på plass, så ligg han der til Dovre fell. Kostnadene og nytteverdien av ein slik tunnel må greiast ut når bybanen til Åsane skal planleggast.

Øystein Hellesøe Brekke,
nestleiar Åsane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**