– Rask bygging av trygg E18, og langsiktig sikring av jernbanetrasé

– Vi skulle vore her før. Vi skulle ha kome hit for nesten eit år sidan. Men staten svikta oss i finansieringa av planarbeidet og forseinka arbeidet så lenge at vi får stadig meir hastverk for å nå målsettinga om ferdig vedtatt plan innan utgangen av 2011, sa Jan Kløvstad,Venstre, i bystyret i kveld.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

Venstre er samd i rådmannens forslag, men vil ha styrka jordvernet i planen pluss sørge for at framtidig kystjernbane er med i tenkinga rundt dei foreløpige korridorane.

(I vedtaksforlsaget heiter det:
"Planprogram for E18 Tvedestrand — Arendal fastsettes med følgende merknader:
Det er viktig at det under kapittelet "regionale virkninger" blir utredet hvilke konsekvenser de forskjellige korridorene kan få for byutviklingen i Arendal. Kommunen bør være aktiv deltaker i utredningen.

Området fra Birkenlund inn mot Stølen og Granestua og mot Dalen-Saltrød veien i Arendal øst har stor verdi som område for rekreasjon, og ligger i nær tilknytning til områdene i Arendal med størst befolkningskonsentrasjon. Eventuelle vegtraséer gjennom dette området bør i hovedsak planlegges og utredes som tunneler.

Sagene utgjør et viktig kulturhistorisk miljø i Arendal. Konsekvensene for dette miljøet må vektlegges særskilt.
Arendal kommune anbefaler at det startes et planarbeid for lokalvegstrukturen rundt Arendal sentrum. Planarbeidet bør skje i regi av Aust-Agder Fylkeskommune i tett samarbeid med Arendal kommune.")

Venstre foreslår:
Som tilleggsavsnitt før siste avsnitt:
"Arendal bystyre minner om regjeringens føringer om å unngå omdisponering av store, sammenhengende arealer med dyrket eller dyrkbar mark av høy kvalitet"

Og som nytt avsnitt etter siste avsnitt:
I planprosessen bør det tas hensyn til muligheter for å sikre at også en framtidig kystjernbanetrasé kan ligge nær E18."

Eg skal grunngi dette nærmare:
Først dyrka mark. Både dei rikspolitiske retningslinjene, sitert på side 9 i planprogrammet og samferdsleministeren legg vekt på jordvern i føringane sine. Dette må vi ha respekt for, og det er også heilt i tråd med den landbruksplanen bystyret har vedtatt. Da eg var med på møte med vegvesenet og alle samarbeidspartane for ei veke sidan var eg glad for innspela frå landbruksnæringa om jordvern, men eg liker dårleg at Åmli kommune presterer å gå inn for den tenkte streken som øydelegg absolutt mest dyrka og dyrkbar mark. Det er ille at dei som styrer Åmli kommune politisk ikkje har sans for jordvern. Vi i Arendal bystyre bør følge opp våre eigne planar og vedtak om jordvern.

Så jernbane: Venstre har eit sterkt ønske om ein framtidig kystjernbane, som kan korte ned reisetida mellom landsdelen og Oslo grundig. Mellom Minnesund og Hamar blir det nå bygd firefelts E6 og dobbeltspora jernbane parallelt i samarbeid mellom vegvesenet og jernbaneverket. Den totale breidda for firefelts veg pluss dobbeltspora jernbane er smalare enn vi skulle tru. Det handlar om 80 meter på det breiaste og 73 meter på det smalaste. Om vi ser på dei heilt foreløpige korridorane mellom Tvedestrand og Arendal er det plass til dette i alle alternativa og kombinasjonen mellom alternativa. Det viktige nå to ting:

1. Størst mogleg tempo i planlegging — og bygging – av ny E18
2. Sikre oss at vi ikkje stenger for den beste traseen for ein framtidig jernbane.

Venstre foreslår altså ikkje detaljplanlegging av jernbanetrasé nå. Men vi må sikre oss at toget skal gå der det bur folk. På møtet hos vegvesenet sist torsdag tok eg opp dette, og blei både forundra og skuffa over reaksjonen frå fylkesvaraordførar Oddvar Skaiaa. Han er leiar i jernbaneforum Sør. Eg snakka om at Venstre ser for seg samankopling mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen langs ein rettast mogleg strek med lokale tilpassingar mellom Grenland og Brokelandsheia. Og vidare har vi tenkt oss noe i retning av langs eller like ved E18 vidare sørover, så nær der det bur folk som mogleg. Men Oddvar Skaiaa sa at Jernbaneforum Sør heller tenker seg at ein framtidig jernbane skal gå frå Brokelandsheia til Vegårshei og så i skrå linje frå Vegårshei til Arendal. Med all respekt for Vegårshei, og eg var på Vegårshei stasjon både fredag og søndag, det er ikkje mykje kyst og havutsikt der. Vi kan ikkje la Jernbaneforum Sør begynne å planlegge ein ny jernbane som går like langt frå folk som den jernbanen vi har frå før.

Det viktige nå er å få ny E18 så fort som mogleg, og spare liv. Og så skal vi samtidig våge å ta dei langsiktige grepa som gir oss den mest miljøvennlege måten å reise på mellom Sørlandet og resten av landet.

I avstemminga fekk Venstre ingen andre med sge i forslaget om langsiktig tenking på jernbanetrasé, mens Tormod Vågsnes, KrF, støtta forslaget om å ta inn føringer om jordvern i det vidare arbeidet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**