meir om saka står på kommunens nettsider under PS 137/10 Innretning av avtaler med eldresentra/frivillighetssentraler.
– Helse- og omsorgskomiteen har diskutert saka grundig. Ein samla komite er djupt takknemlige for og imponert over det gode frivillige arbeidet som blir utført i eldresentra, frivilligsentralane og T5/Blå Kors. Ein samla komite ser behovet for å gi desse viktige samarbeidspartnarane våre langsiktige trygge rammer ved å ha skriftlege samarbeidsavtalar. Og vi er samde om å arbeide for at også Kuben på Eydehavn skal bli godkjent som og få statleg tilskot som frivilligsentral.
På dette siste punktet treng vi hjelp, både frå vår eigen administrasjon i nært samarbeid med leiinga i Kuben som er positivt innstilt også til dette initiativet. Og særleg treng vi hjelp frå Staten, som bestemmer kor mange nye frivilligsentralar det skal kome kvart år og kor dei skal kome. Det er ein liten budsjettauke i statsbudsjettet for 2011, litt meir enn prisstigninga. Men ikkje så mykje meir at eg tør stå her og nå og garantere at Kuben straks vil få 250-300 000 ekstra i året med status som frivilligsentral. Men det er verd å legge arbeid i å forsøke.
I desember i fjor bad om å få sak om samarbeidsavtale med T5 og andre som sak innan 1. juli 2010. Eg er glad for at saka kjem først nå, av den enkle grunn at det har vore viktig å ha ein arbeidsstil frå administrasjonens side som har gitt styra i dei forskjellige eldresentra, frivilligsentralane og T5, – som i mellomtida har gått saman med Blå Kors tid til intern forankring.
Komiteen var samrøystes i eit vedtaksforslag i tre punkt, slik det går fram av protokollen:
"Bystyret legger de foreslåtte samarbeidsavtaler til grunn for det videre samarbeid mellom
kommunen og tilskuddsmottakerne.
Tilskuddenes størrelse blir tatt opp i budsjettet for 2011/handlingsprogrammet 2011 2014.
Bystyret oppmuntrer og støtter Kuben eldresenter i en søknad om å bli frivillighetssentral."
Ingrid Skårmo, Framstegspartiet foreslo:
"Bystyret bevilger kr. 200.000,- i 2010 til Kuben Eldresenter og kr. 100.000,- til Senter for
Eldre. Beløpet tas fra kultur- og næringsfond og blir å betrakte som et engangsbeløp."
Dette forslaget fekk 5 stemmer og falt.
I går var det formannskapsmøte, der partia la fram dei foreløpige forslaga sine for 2011. det endelege budsjettet blir som kjent vedtatt 9. desember. Og alt nå ser det ut til at særleg Kuben vil få eit betydeleg og veldig fortjent økonomisk løft i åra framover.
På vegner av komiteen tilrår eg det einstemmige vedtaksforslaget.
Og det blei også vedtatt einstemmiog i bystyret. Frps forlsag fekk berre stemmene frå Frp og Pensjonistpartiet.