Diskusjonssalong – ein suksess

Vel 50 personar møtte til diskusjonssalong i dag, og debatten gikk varmt kring borda. Vi vil rekke ei stor takk til alle som tok del, og spesielt innleiarane Hans Gisle Holstad og Leiv Arne Grimstad, samt ordstyrar Marit Kvammen. Også ei stor takk til Hareid hotell som var positive til arrangementet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Debatten synte at dei fleste er samde om at eit fastlandssamband er ønska i kommunen, men kva som er den beste løysinga, er det ulike meiningar om.

Hans Gisle Holstad, styreleiar i Hafast, innleia diskusjonssalongen med ei kort orientering frå korleis Hafast-styret ser på utfordringa, før Leiv Arne Grimstad fekk ordet, og presenterte sin skepsis med ein lang og djup tunnel.

Deretter gikk debatten både kring borda og med spørsmålsrunde til styreleiaren i Hafast.

Styret i Hareid Venstre ser seg særs godt nøgde med arrangementet, og vil heilt klart gjere dette fleire gongar.

Neste tema satsar vi på vert kommunesamanslåing. Ny dato vert annonsert på nettsida, Facebook og i lokalavisa.

Vi set også stor pris på å få innspel til tema som kan takast opp i diskusjonssalongen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**