Sløyf avgifta på naudpeilesendarar!

I tilknyting til ei lokal sak om søk etter sakna personar, hadde Voss Venstre eit lesarinnlegg i lokalavisa «Hordaland» for 13. nov. om Venstres forslag om å å sløyfa årsavgifta for naudpeilesendarar:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


"Hordaland" hadde ein interessant og tankevekkjande reportasje i "Hordaland" for 9. nov. frå treningssamlinga Norske Redningshundar hadde for lavine- og sommarhundar på Voss siste helga. Dei gjer ein utruleg viktig jobb — og ei særskild stor takk til den lokale eldsjela Jan Erik Grande!

Men heldigvis finst det no også metodar som kan gjera søket etter sakna personar enklare, også for redningshundane, nemleg utvida bruk av naudpeilesendarar.

Naudpeilsendarane er knytta til eit sattelittbasert naudvarslingssystem. Her har det skjedd ei rivande utvikling dei siste åra. Det gjeld også naudpeilesendarar berekna på personleg bruk. I dag kan vi få ein naudpeilesendar for 3-4000,- kr på storleik med ein mobiltelefon, og som også funksjonerer godt i kulde.

Langt fleire, både turgrupper og einskildpersonar (f.eks. jegarar) burde ta i bruk naudepeilesendarar og slik gjera det lettare å finna dei om uhellet skulle vera ute.

Men i Noreg må ein betala eit årleg gebyr på kr 600,- til Post- og Teletilsynet. Dersom ein tok bort avgifta, ville staten tapa ca. 1 mill.. Dette er sjølvsagt ingenting i høve til eit menneskeliv, og er berre ein brøkdel av dei store ressursane ein kunne ha spara på søk.

Venstre føreslår derfor i Stortinget at gebyret på kr. 600,- pr år blir fjerna.
Torstein Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**