Yrkesfaga krev handling

I dette innlegget i BA utfordrar Bjørn Magne Hufthammer Arbeidarpartiet på kva dei eigentleg meiner med å ta yrkesfaga på alvor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bjørn Magne Hufthammer

Foto: MK

Torsdag 11. november skreiv Tore Eikeland frå AUF om å ta yrkesfaga på alvor; fråfallet er for stort, teorifokuset for høgt, og den pedagogiske fridomen hjå lærarane for liten. Eg er samd i det. Vidare skriv han at fleirtalet på fylkestinget, det vil seie Høgre, Kristeleg Folkeparti, og Framstegspartiet, ikkje har evna å ta yrkesfaga på alvor. Det er eg for så vidt også einig i. Men Eikeland si løysing er — ikkje overraskande — meir Arbeidarpartipolitikk. Då heng eg ikkje med lenger.

Eikeland og Ap trur at måten ein tek yrkesfaga på alvor på, er å lovfeste rettar, opprette ombod og pøse på med meir pengar. Og så snakkar han om avbyråkratisering av lærarrolla. Det er temmeleg søkt å høyre frå ein forkjempar for det norske sosialdemokratiet. Den teorirettinga av yrkesfaga som har skjedd dei siste par tiåra er det nettopp Arbeidarpartiet som har stått for; alle skal inn i det same systemet, alle skal få dei same utfordringane, alle skal verte like. Eikeland snakkar fint om gode tilhøve i skulen, men kvar gong Arbeidarpartiet slepp til og skal styre skulane, er det ikkje auka sjølvstyre og pedagogisk fridom som står i høgsete.

Venstre vil ha handling
Venstre ynskjer at yrkesfaga skal verte mindre teoriretta. Det kan ikkje berre vere fine ord, men må følgjast opp med handling. Det betyr at skulane sjølve må ha høve til å leggje til rette for meir samarbeid med lokale bedrifter, og ha meir dei skulle ha sagt på innhaldet i skulen. Det betyr at når skuleleiinga kjem til byråkratane og politikarane og seier at dette her, det vil me bestemme sjølve, – ja så må politikarane seie ja. Det har kanskje ikkje fleirtalet på fylkestinget fått til, men det har eg jammen ikkje nokon tru på at Arbeidarpartiet kjem til å gjere heller.

Bjørn Magne Hufthammer
Fylkestingsrepresentant for Venstre

Innlegget sto på trykk i Bergensavisen sundag 14. november.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**