400 km på turne med Odd Einar i Sogn og Fjordane

o4. og 5.november var Odd Einar Dørum på vitjing i Sogn og Fjordane. Formålet med vitjinga var å få i gang arbeidet med listestilling i så mange kommunar som mogleg, og sjå om vi klarar nokre av kommunane som vi har sett på som vanskelege…..nei, utfordrande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Odd Einar Dørum

Foto: Stortinget

2. nestleiar Vigdis Tonning hadde teke på seg det ærefulle oppdraget med å vere sjåfør for listestillingsgeneral, Odd Einar Dørum. Ho har sendt inn følgjande melding frå reiserunda:

Vi starta torsdag 4/11 kl 18.00 på Rica Sunnfjord Hotell, med samling for kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde. Det møtte berre folk frå dei to sistnemnde kommunane, men vi fekk eit bra møte likevel. Vi fekk mange spennande namn på blokka, og to av dei oppmøtte frå Jølster tok på seg å gjere ein innsats med å hjelpe Naustdal og Gaular i gang med arbeidet.

Fredag 5/11 var ein travel, men uhyre innhaldsrik dag. Vi starta med å møte kommunestyrerepresentanten + 2 andre på Trivselshagen på Sandane. Der fekk vi først ein liten minikonsert av slagverkgruppa i Gloppen Kulturskule. Veldig kjekt! Med følgje av nydeleg sveler gjekk praten lett rundt bordet. Vi snakka om saker som er avgjort, saker som kjem til å komme, og saker Venstre kan sette på dagsorden. Vi fekk også snakka om ein del personar som kunne vere aktuelle å spørre om å stå på lista. Det vart avtalt nytt møte 7.des, der dei 3 skal ta med seg 2 personar til, og Vigdis Tonning frå fylkesstyret.

Deretter var det avgarde til Sogndal, med eit lite avbrot i Fjærland der vi fekk helse på Hans Haugen og vart invitert på middag hos fam. Juklestad. Takk for nydeleg mat, service og gjestfridom. I Sogndal møtte vi representantar frå Sogndal og Luster. Dei høyrde ivrig på kva Odd Einar hadde å fortelje, og i fellesskap fekk vi fram ein del namn. Luster ville ta på seg å jobbe med liste i Årdal, så vi vil sette han i kontakt med dei 2 SOFUV-medlemane frå Årdal, slik at dei i fellesskap skal finne namn til lista.

Dagen vart avslutta på Kviknes Hotell i Balestrand, der det var planlagt samling for Leikanger, Balestrand, Vik og Høyanger. Det møtte personar frå Vik, Balestrand og Sogndal, og praten gjekk livleg rundt bordet. Det vart snakka om listestillingsarbeidet, og vi har god von om at det skal bli liste i alle desse kommunanen, spesielt sidan Balestrand vil ta på seg eit spesielt ansvar for Høyanger.

Etter totalt 396 km i lag i bil, folk, møter og gardsbesøk, vart Odd Einar Dørum sendt attende til hovudstaden, der han skal jobbe for å bli ordførar. Både Dørum og 2.nestleiar er godt nøgde med kva vi fekk ut av turnéen.

 2. nestleiar og sjåfør Vigdis Tonning

2. nestleiar og sjåfør Vigdis Tonning

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**