– Vi stiller oss bak den finansieringsløysinga som er skissert med ferjeavløysingsmidlar, og vil sikre at sambandet får tildelt slike midlar i 2014 når tidlegare prioriterte anlegg er ferdige, seier fylkesleiar Barsnes Krogsæter og fylkessekretær i fylkespartiet. Dei har med seg heile fylkesstyret i Sogn og Fjordane Venstre og understrekar viktigheita av at Sogn og Fjordane fylkeskommune bidreg til at det vert stilt midlar til rådvelde slik at planarbeidet kan utførast i god tid før 2014, slik at ein unngår forseinkingar i ferdigstillinga av prosjektet.