Besøk på Elkem Thamshavn

I samband med nestleiar Ola Elvestuen sitt besøk i Sør-Trøndelag vart ein Venstre-delegasjon torsdag teke godt i mot av verksdirektør Alf Tore Haug på Elkem Thamshavn. Det vart eit inspirerande møte!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Ola Elvestuen i entusiastisk samtale med verksdirektør Alf Tore Haug

Ola Elvestuen i entusiastisk samtale med verksdirektør Alf Tore Haug
Foto: Catharina Morken, Avisa Sør-Trøndelag

I tillegg til Ola Elvestuen stilte Jon Gunnes (gruppeleiar for Venstre i Trondheim), Arne Grønset, Hanne Kvernmo og Lavrans Skuterud på møtet for å lære om Elkem Thamshavn sine erfaringar og utfordringar som kraftintensiv industribedrift i Norge og Europa. Tidlegare utspel frå sentrale Venstre-politikararar om Noreg som "fornybart batteri for straum til Europa" har skapt inntrykk av Venstre ikkje ønskjer kraftintensiv industri i Noreg. "Karbonlekkasje" gjennom utflagging av kraftintensiv industri er i eit større perspektiv likevel eit svært dårleg alternativ. Elkem Thamshavn sine investeringar i miljøteknologi og energigjenvinning (sjå omtale på Elkem si nettside) er eksempel på korleis norsk industri i staden kan gå føre og vise veg mot eit meir berekraftig utvikling. Besøket ga oss fleire eksempel på at Venstre sine ønskjer om endringar i politikken på enøk og fornybar energi vil vere riktige, og Venstre fekk også med seg utfordringar å jobbe med frå ein entusiastisk verksdirektør.

Etter besøket i Orkdal reiste Ola Elvestuen vidare til Fosen. Meir om besøket der finn du her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**