Skartveit fortsetter i fylkespolitikken

I nominasjonskomiteen sitt forslag til fylkestingsliste er Gro Skartveit frå Finnøy føreslått på andre plass på lista for Venstre. Skartveit sit i dag på fylkestinget og ser fram til å få sjansen til ennå ein periode. Ho er medlem av samferdselsutvalet og er den einaste representanten frå Finnøy kommune i fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Gro Skartveit

Foto: Vidar Grundetjern

Skartveit er utdanna sosionom og har i mange år jobba med rusavhengige og deira pårøyrande. Skartveit sit i styret til Helse Vest. I tillegg til politisk arbeid har ho i dag eit enkeltmannsføretak der ho mellom anna har samtalar og føredrag.

— Eg er glad dersom nominasjonsmøtet i slutten av november viser meg tillit og plasserer meg på andre plass på lista, seier Skartveit.

Skartveit har eit engasjement på mange områder i politikken, men er særleg opptatt av samferdsel, og regional- og distriktspolitikk. — Venstre har mange gode løysningar på dagens utfordringar, seier Skartveit.

Heile den føreslåtte lista finner du her:
https://www.venstre.no/rogaland/artikkel/29618/

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**