Ola Elvestuen møtte venstrefolk på Fosen

4. og 5. novmber var nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen, på ein liten trøndelagsturne. Bedriftsbesøk i Orkdal og besøk på Ørland Hovedflystasjon stod på programmet. Kvelden den 4. var venstrefolk i Fosen inviterte til eit møte med han på Mølnargården i Bjugn.
Tema for møtet var Framtidas energiforsyning lokalt, regionalt og nasjonalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Fornybardirektivet
Elvestuen innleia med å minne om at EUs "Fornybardirektiv" står sentralt når dette temaet skal vurderast og diskuterast. Ifølgje direktivet må alle EU-land auke eigen produksjon av fornybar energi. Etter at fornybadirektivet vart innlemma i EØS-avtalen gjeld kravet også Norge. Skal vi følgje opp direktivet må mykje av auken i landets kraftproduksjon framleis komme frå fornybare energibærarar.

Barbro Eikset og Ola Elvestuen

Foto: Jan Sørås

Vindkraft
Da er det vanskeleg å komme utanom vindkraft og og nye kraftliner. Venstre vil fortsatt at det skal satsast på fornybar energi, men det skal heller ikkje vere tvil om at Venstre skal vere i tet med omsyn til klassisk naturvern. Elvestuen understreka kor viktig det er at partiet utarbeider ein klar politikk i samband med vindmølleutbygging, som tek omsyn til det klassiske miljøvernet, særleg biologisk mangfald og spesielle naturverdiar.

Tilbakemeldingar
Elvestuen ønskte tilbakemeldingar på korleis medlemmane i Fosen stiller seg til t.d. vindkraftutbygging. Han poengterte kor viktig det er for partiet å ha den lokale kunnskapen og kjenne haldningane til medlemmane når ein sentralt skal arbeide for å ta avgjerder som gjeld distrikta.
Engasjementet i diskusjonen etter Elvestuens innlegg var god, men det vart heller lite av klare tilbakemeldingar til Elvestuen. Unnataket var Svein Lilleengen som var klar på at storparten av problemstillingane til Elvestuen enklast kunne løysast med å produsere biogass.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**