i formannskapet i Arendal i dag. Han viste til det fullstendige ulogiske i at kommunar skal straffast for å ha lågt utdanningsnivå, mens det naturlege ville vere å gjere det stikk motsette. Arendal taper 23 millionar i statsstøtte, mens ein kommune som Bærum får 52 millionar ekstra som følge av nyordninga i kriteria for støtte til barnehagedrift. Ein arbeidarkommune som Sarpsborg med snaut 8000 innbyggarar taper 11 millionar kroner. For Arendal og dei fleste nabokommunane vil nyordninga svekke budsjetta kraftig.
– Med 23 millionar meir frå staten kunne vi unngått mange av dei verste kutta i skole, barnehage og omsorg, sa Jan Kløvstad.
Heilt konkret har regjeringa vedtatt:
“Statsbudsjettet: I forslag til statsbudsjett for 2011 skal totalt 29 milliarder kroner gå fra øremerkede ordninger til kommunenes rammetilskudd. Av dette vil 28,1 milliarder være tilskudd til barnehager.
Formål: Skal bidra til å styrke det kommunale selvstyret og til mer effektiv bruk av ressursene.
Barnehagetilskudd: Kommunene får tilskudd ut fra 1) antall barn i alderen 35 år. 2) antall barn i alderen 12 år uten kontantstøtte. 3) antall innbyggere med høyere utdanning.” Kjelde. Aftenposten, 3.11.2010.
– Dette er ille, og eit svik mot dei som verkeleg treng hjelp til å få betre utdanning og betre levekår, sa Jan Kløvstad, som viste til at dei rødgrønne partia med SV i spissen lova” å fjerne fattigdommen” i 2005, reduserte til “å bekjempe fattigdommen” i 2009 og nå faktisk gjer fattigdommen verre for dei som slit med låg utdanning, låge levekår og med det svak kommuneøkonomi.
Kristen Bjormyr, Senterpartiet, forsvarte nyordninga frå regjeringa som logisk og objektiv og ville ikkje vere med på noe arbeid for å endre ordninga som Venstre altså påviser gir meir til dei rike kommunane og kraftig nedskjering til fattige kommunar med lågt utdanningsnivå.
Les meir om det urettferdige tilskotet i Aftenposten.