Lindåstunet – ein verdifull medspelar

Lindås Venstre ønskjer å vidareutvikla Lindåstunet som medspelar i helsetilbodet vårt. Samspelet mellom lokalsamfunnet, private pådrivarar og kommunen er eineståande, og bør etter vårt syn vere eit føredøme for korleis ein skal drive god eldreomsorg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Når vi les rådmannen si innstilling om å kutte heile løyvinga til Lindåstunet vert vi urolege. Det var ein milepæl å få på plass mellombels rammevilkår slik at Lindåstunet kunne planleggje til beste for dei som treng eit tilbod utanom sjukeheimen, dei pårørande, for dei som ønskjer eit dagtilbod og for kommunen. Politisk var det ei erkjenning av at tilbodet Lindåstunet yter er framifrå og kostnadsbesparande, ei anerkjenning til bedrifter og frivillige som yter vesentlege bidrag til drifta og honnør til dei som har stått på for å få det til.

Eldre, gamle

Foto: Microsoft

Lindås Venstre meiner at det ikkje har kome til noko vesentleg nytt sidan vi politikarar gjorde vår prioritering. Vi vil derfor stå på det vi var pådrivarar for ved forrige korsveg, nemleg og gje Lindåstunet langsiktige og truverdige rammevilkår gjennom tilskot som også reduserer dei kommunale utgiftene samla sett. Ut frå søknaden til Lindåstunet, og rådmannen si tilråding, kan det likevel vere slik at kommunen og leiinga ved heimen bør setje seg ned og vurdere om ein gjer rette prioriteringar mellom dei som får tilbod og gleda av å vere gjest på Lindåstunet.

Styret i Lindås Venstre

Innlegget stod på trykk i Strilen torsdag 4. november

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**