Tid for timeekspress i Sogn og Fjordane!

Sogn og Fjordane Venstre vil utfordre stat, fylke og kommunar i Sogn og Fjordane om å gå saman for å få oppretta eit stamnett av buss- og båtruter i fylket med avgang kvar time.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bussholdeplass-skilt

Eit nett av "times-ekspressar" er nødvendig for å få opp bruken av kollektivtrafikk i Sogn og Fjordane, og for å binde fylket betre saman i større bu- og arbeidsmarknadsområde. Eit moderne, velfungerande kollektivtilbod er etter Venstre sitt syn nødvendig for å gjere Sogn og Fjordane til eit attraktivt fylke for tilflyttarar, og for å møte framtidas stadig sterkare krav til miljø- og klimatilpassing.

Som ein oppstart bør eit nett av time-sekspressar opprettast på E39-strekninga Førde-Skei-Sandane-Eid-Volda, med forgreiningar Florø-Førde, Skei-Sogndal-Leikanger og Måløy-Eid-Stryn. I tillegg er det sterkt ønskjeleg med ein "times-ekspress" med båt mellom Florø og Måløy, i påvente av vegutløysing mellom dei to kystbyane (45-minuttsregionen).

Eit nett av times-ekspressar er allereie på plass i mange andre fylke, også utanom dei største byane. Eksempelvis er det i dag times-ekspressar i Møre og Romsdal frå Volda og nordover. Sogn og Fjordane Venstre vil utfordre Kommunal- og regionalministeren til å bidra med delfinansiering av eit forsøk med eit slikt nett av times-ekspressar i Sogn og Fjordane. Dette kan til dømes skje som del av ein finansieringspakke knytt til regionreform for å erstatte dagens små kommunar med større einingar som samsvarar med dagens bu- og arbeidsmarknadsområde i fylket.


Fråsegn frå fylkesstyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**