På veg til grønaste byen i Europa, Växjö i Småland

Eg er så heldig å få vere med på studiereise frå Arendal til Växjö, kjent som grønaste byen i Europa. Vi skal lære om Växjös miljøprogram,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


med historie, mål, strategi og resultat, om arbeidet med klimanøytralitet og internasjonale prosjekt og nettverk, om samarbeidet “Technical visits” for å ta imot “miljøturistar” frå heile verda, Klimatcentrum, prosjektet med samordna varedistribusjon for å spare drivstoff og pengar,prosjrktsamarbeid med Elft i Nederland og Grenoble i Frankrike, bærekraftig byutvikling og fleire konkrete prosjekt som “Klimatidolerna”, solceller på skoletak, storsatsing på passivhus, fjernvarme og mykje mykje mer.

Patric Svensson og Jan Kløvstad

Patric Svensson og Jan Kløvstad
Foto: Robert Svendsen

Eg gleder meg til å lære meir av Växjö, og er her saman med partikollega Patric Svensson frå Folkpartiet Växjö og ein delegasjon med folkevalte og tilsette i Arendal og Aust-Agder fylkeskommune.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre og fylkessekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**