Lyttepost på Husnes storsenter

Laurdag 9. oktober hadde Kvinnherad Venstre lyttepost på Husnes storsenter. Mange tok seg tid til å stoppe og vi fekk gode innspel til kva vi bør bry oss om til neste kommuneval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


•Tove Ertsland frå styret og Synnøve Handeland – fylkesleiar var på senteret i eit par timar og hadde mange gode samtalar med folk som var innom for å handel denne dagen. Innspela tek vi vidare til programnemnda, som kan arbeida med innspela i programprosessen. Konkrete forslag har vi også fått og det er vi takksame for!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**