blir oppløyst. Også krisesenteret har gått inn for dette. Saksordførar Irene Aune Henriksen orienterte grundig om saka.
Jan Kløvstad, Venstre, kunne ikkje sjå at rådmannen i budsjettforslaget sitt har nemnt nybygg for krisesenteret. Venstre tok opp situasjonen for krisesenteret i budsjettforslaget for 2010, og fekk fleirtalet med på å be rådmannen kome tilbake med konkrete forslag om lokalisering og byggestart. Venstre spurte derfor når rådmannen ser for seg å begynne på planlegging og bygging av nytt krisesenter.
Rådmann Harald Danielsen svarte at den økonomiske situasjonen gjer det vanskeleg å bygge nytt nå, og at Setesdalskommunane og kommunane vest i fylket har valt å samarbeide med Kristiansand. Dette gjer at det er viktig å tenke nytt om kor stort krisesenteret skal vere, og så kome tilbake med konkrete forslag når dette er avklart. Før 2015 står det ingenting i rådmannens invetsreingsforslag om byggstart for krisesenteret.
Venstre vil følge saka nøye også framover.