Listegeneral Dørum på turne i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane vil 4. til 6. november få besøk av Odd Einar Dørum. Han sat som representant for Venstre på Stortinget fram til 2009. Odd Einar er pensjonist, vara til bystyret i Oslo og partiets «listegeneral» for 2011. «Listegeneral» innebærer at han er i tett dialog med ei rekke Venstre-lag i arbeidet med Venstre-lister til Val 2011. Dei tre dagane i byrjinga av november er det utvalde lokallag i fylket som får besøk av han.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

«Listegeneral» OddEinar Dørum

Første møte vert torsdag kveld i Førde primært for laga Naustdal, Gaular, Jølster og Førde. Fredag morgon reiser Odd Einar Dørum og Vigdis Tonning vidare til Sandane for å møte Gloppen Venstre før turen går vidare til stopp i Sogndal.

Fredag kveld vert det samling i Balestrand og lokallaga Høyanger, Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Aurland og Leikanger har fått invitasjon til å komme og få inspirasjon fram mot valet 2011. Dei nemnde lokallaga er informert om turnéen og andre Venstre-lag kan ta kontakt med Tonning på tlf. 906 56 917 dersom dei kan tenke seg å vere med på treffa..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**