Venstre vil redusere skjemaveldet for bedriftene

(Lesarinnlegg, Gunn Berit Gjerde) I haust har venstrefolk i Møre og Romsdal og i resten av landet besøkt ca. 500 små og mellomstore bedrifter for å finne ut kva som er utfordringane for desse bedriftene. I Møre og Romsdal har vi besøkt i underkant av 50 bedrifter!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Ei av dei store utfordringane for bedriftene er skjemaveldet dei må forhalde seg til . I dag brukar norske bedrifter 54 milliardar kroner på rapportering som det offentlege har gitt påbod om. Sjølvsagt må vi ha ei viss rapportering , men vi treng til dømes ikkje alle dobbelrapporteringane , og vi kan med fordel kutte ut mange andre rapporteringar som ikkje har praktisk tyding verken for bedriftene eller staten.

I Stortinget har Venstre gjort framlegg om å minske dei administrative kostnadene som har kome på grunn av skjemaveldet med minst 25 prosent innan 2012.

Og det er fullt mogeleg. Det viser erfaringar frå Sverige og Danmark som har gjort noko med det galopperande skjemaveldet sitt. I Danmark er dei administrative kostnadene redusert med 20 prosent etter at regjeringa fastsette mål om 25 prosent reduksjon i løpet av 2010. I Sverige har dei også fått til store reduksjonar i dei administrative kostnadene , om enn ikkje like mykje som i Danmark.

Venstre vil at det skal vere enkelt å starte, drive og eige næringsverksemd i Noreg. Venstre vil heller bruke kreftene og pengane den unødvendige rapporteringa kostar, til å utvikle bedriftene .

Vi må ha konkrete mål å strekke oss etter. Difor er det fremja konkret forslag i Stortinget. Viss ikkje blir det ofte ikkje tatt naudsynte og viktige grep.

Gunn Berit Gjerde
Møre og Romsdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**