Skepsis til vindkraftplan

Venstre gav uttrykk for skepsis då Fjaler kommunestyre (11.okt) handsama fylkesdelsplanen for vindkraft. Saman med Høgre og to uavhengige representantar røysta Venstre for å avvise planen slik den låg føre grunna for stort arealomfang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Frå talarstolen meinte Venstre-representant Hogne Kvangarsnes at det i utgangspunktet var positivt at det blei utarbeidd ein eigen fylkesplan for vindkraft. Derimot var han negativ til det omfattande arealomfanget som var omtala i planen.
– I Venstre er vi på ingen måte i mot vindmøller og vindkraft. Det kan bli ein viktig faktor i utviklinga av ny fornybar energi. Ikkje minst kan vi med ny teknologi klare å bygge ut store og interessante prosjekt offshore, sa Kvangarsnes som ikkje såg føre seg ein skog av vindmøller over store delar av det framtidige Fjaler.
– Ein for stor del av fjaler-arealet er omfatta av og teke med i planen. Planen burde i staden vore avgrensa til nokre få kjerneområde. Trass alt kjem Lutelandet i tillegg, eit prosjekt som allereie er politisk klarert – og der konsesjonen er under handsaming, meinte Kvangarsnes.
Venstre-representanten stilte også spørsmål ved kor grundig faktagrunnlaget var når det galdt konflikt-faktorar.
– Til dømes ser eg at gamle gravplassar, turstigar, fauna m.m. er omtala i planen. Men kva folk driv med i dag, korleis dei nyttar ut areala, og kva dagens bruk kan medføre av konfliktar ved ei framtidig vindmølleutbygging, er langt mindre vurdert, sa Kvangarsnes.
Han var samd med ordføraren sine merknadene om kor viktig det er å vise respekt for ulike meiningar og få til ryddige prosessar der innbyggarane blir tekne på alvor.
– Dette er den beste måten å unngå unødige konfliktar på, hevda Kvangarsnes som konkluderte med at planen slik den låg føre ikkje var tilfredsstillande grunna det store og omfattande arealomfanget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**