-Tog, søppel og bil viktige for miljøet

– Tog, bil og søppel er viktige tema, sa lokallagsleiar i Naturvernforbundet Marte Rostvåg Ulltveit-Moe til dei over 30 deltakarane på den lokalpolitiske nettverkssamlinga i Agder Venstre i Kristiansand i dag. Alle utslepp er små, men dei samla utsleppa er likevel for store, sa Rostvåg Ulltveit-Moe.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Tog

 Anne Margrethe Larsen og Dag Vige i aksjon på Kristiansand stasjon

Anne Margrethe Larsen og Dag Vige i aksjon på Kristiansand stasjon
Foto: Jan Kløvstad

Vi her sør er for lite opptatt av toget, sa ho, og etterlyste eit sterkare engasjement for toget i sør, og kritiserte togtilbodet både internt i landsdelen og mellom Sørlandet og resten av landet. Ho etterlyste kystjernbane og ba om støtte til Jernbaneforum Sørs planar om kystjernbane, både når det gjeld langtidsplanen og bitvis utbygging. Først må vi ha Eidangerparsellen, som nå enda ein gong er ute av statsbudsjettet. Så må vi ha koplinga mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen mellom Eidanger og Brokelandsheia. Neste steg er å planlegge i samanhang, slik at vi får trasé til jernbane parallelt med den komande nye E18 mellom Tvedestrand og Arendal. Bygg opp om den gode fagkompetansen i Vegvesenet og slå saman Vegvesenet og Jernbaneverket til ein etat, sa Marte Rostvåg Ulltveit-Moe, som oppfordra Venstre til å få med seg fleire parti til å prioritere toget.

Bil

Marte Rostvåg Ulltveit Moe Marte Rostvåg Ulltveit-Moe

Marte Rostvåg Ulltveit Moe Marte Rostvåg Ulltveit-Moe
Foto: Jan Kløvstad

All arealplanlegging må ha som mål å minke utslepp og bilbruk, og å auke sykkelbruk. I dei store byane, som Kristiansand er det heilt nødvendig å ha bilbegrensande tiltak, etter same lest som røykeloven. I starten blir det mykje hyl og skrik, men etter kvart vil folk finne seg i og faktisk støtte dei tiltaka som er upopulære i starten. Det er 27 000 medlemer i facebookgruppa som seier nei til høgare bompengesatsar i Kristiansand, men Naturvernforbundet i Kristiansand vil heller ha klare tiltak for å begrense utbygginga av Sørlandsparken, innføre rushtidsavgift og fleire fornuftige bilbegrensingstiltak.

Søppel
Det nye Agder Returkraft kan det seiast mykje godt om, og anlegget viser også at miljøkonsekvensane av alt vi sørlendingar produserer og brukar er enorme. Agder returkraft gir mykje fjernvarme, men også mykje gift. Søppelforbrenning er kanskje den minst dårlege løysinga, men langt frå den beste løysinga sett frå miljøstandpunkt. — La ikkje returkraft bli ei sovepute for å droppe plastreturen, gi ikkje opp kampen for å styrke plastinnsamlinga, lære folk om rein og klar plast for retur, sa Marte Rostvåg Ulltveit-Moe, som viste til at fleire elektronikkprodusentar klagar over mangel på returplast som bransjen elles ville kunne bruke til miljøvennleg produksjon.

søppeldunker for resirkulering

Foto: microsoft

Det er mykje viktigare å få brukt plasten om igjen, enn å brenne den, sa ho, og kom med klare krav om at Venstres lokalpolitikarar må ta klare initiativ og stille sterke krav for å styrke miljøvennlege løysingar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**