fast medlem av oppvekstkomiteen, og ho går inn i valgstyret og komiteen som skal gå gjennom delegasjonsreglementet og arbeidsdelinga i det politiske livet i Arendal. Lars Thoresen rykkar opp til første varamedlem til bystyret og komiteane. Desse opprykka følgjer av val-loven.
I dei verva som er resultat av konstituering av bystyret og også seinare oppnemning i komitear og utval, foreslår valnemnda:
Jan Kløvstad held fram som varamedlem til valgstyret og den nemnte delegasjonskomiteen.
Tone Helene Strat frå Kristeleg folkeparti tar over etter Anne Tørå Solsvik i formannskap, planutval og administrasjonsutval, der Jan Kløvstad held fram som første varamedlem for alle partia i det som i starten av valperioden var fleirtallsposisjonen.
I KS Agder går Line Haugland, Ap, inn, mens Vigdis Thorbjørnsen, også AP, blir ny varamedlem i eigarmøtet i Agder Energi.
Valnemndas forslag blir lagt fram for bystyremøtet 28. oktober.