Sosialistisk Venstreparti held ein interpellasjon om Voss kommune sitt arbeid for kraftutbygging i Raundalselva. Partiet spurde fylkesordføraren om kva som eventuelt har endra seg sida vernevedtaket frå 1986, og korleis ei utbygging kan passe inn i dei nye retningslinene for småkraftbygging. Det gav høve til ros av Voss Venstre sitt arbeid.
– Voss Venstre har gjennom lang tid gjort eit viktig arbeid for å sikre statusen til verneverdige vassdrag på Voss, seier Harald Hove, Venstre sin gruppeleiar. – Fylkestingsgruppa til Venstre vil benytte høve på talarstolen til å gje ros til dette arbeidet. Eg er glad for den interpellasjonen SV har hatt, og for det svaret fylkesordføraren har gitt. Det kan no sjå ut som om fylkesordføraren legg opp til at det ikkje kan gjennomførast ei utbygging utan å gå imot dei verneomsyna som er gjeldande. Det er eg glad for å høyra, og det er eg sikker på at Voss Venstre er glad for òg.