Kommunal handlingsplan mot vold i nære relasjonar.
I august 2007 hadde Venstre interpellasjon i bystyret i Arendal med krav om å få ein handlingsplan mot vold i nære relasjonar. Bakgrunnen var eit initiativ frå Amnesty i Arendal, som oppforfdra alle parti til å reise saka. Berre Venstre svarte Amnesty og var med på møte i Amnestyguppa som arbeidde med forslaget. I bystyret svarte ordføraren positivt på Venstres forslag, og sommaren 2008 blei eit forslag til kommunal handlingsplan mot vold sendt på høyring. Undervegs har Venstre hatt fleire møte om arbeidet, både med Amnesty og med Inger Brit Line Gundersen og Brita Tranholm Hansen
som har stått for utgreiingsarbeidet.
Planen blei sendt ut på høyring på forsommaren 2008, sjå omtalen på Arendal Venstres heimesider. Men så tok det tid før planen har kome fram til politisk behandling, og Amnesty og Venstre måtte etterlyse planen.
Undervegs er det etablert eit ATV-kontor, – Alternativ Til Vold, eit initiativ Venstre har støtta fullt ut og stemt for finansiering av i budsjettbehandlingane.
Nå kjem endeleg planen til politisk behandling torsdag 14. oktober, les meir her.
Planforslaget inneheld viktige – og skremmande fakta – om vold i nære relasjonar, noe som også blir tatt opp i det viktige seminaret “Du ser det ikke før du tror det” etter initiativ frå Redd Barna, fylkestingssalen 21. oktober.
Krisesenteret treng meir plass og nytt bygg.
I august 2009 foreslo Venstre i helse- og omsorgskomiteen å invitere leiaren for Krisesenteret til å orientere komiteen for å kartlegge situasjonen, etter at Venstre hadde undersøkt forholda. Dagens krisesenter har berre 300 kvm, og ofte er det mange kvinner og barn som har dårlege buforhold i lange peridoar. Dagleg leiar Anne Lise Yggeseth orienterte helse- og omsorgskomiteen under eit studiebesøk og møte på Røed like etterpå, og i budsjettbehandlinga for 2010 fekk Venstre med seg heile posisjonen på å be rådmannen ta kontakt med dei andre kommunane i fylket for å starte arbeidet med å finne tomt for nytt krisesenter og kome med ei utgreiing om behov, økonomi og finansieringsplan. Nå er utgreiinga ferdig, og konkluderer med behov for minst 800 kvm, eit bygg truleg til 21 millionar kroner. Staten pliktar å gi 80% tilskot til krisesenter, og nå hastar det for Venstre å kome igang med finansiering og bygging.
Les sakspapiret frå rådmannen her.