Fokus på miljø og kollektiv på Fylkestinget

Fyrste dag av oktobertinget er over, og Venstre sine representanter gler seg over gode vedtak på miljøsida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Harald Hove

Foto: Vidar Grundetjern

Fylkestinget vert i dag og i morgon 13. oktober held i Bergen. Fyrste dagen har fylkestingspolitikarane handsama to viktige miljøsaker: Handlingsplanen for Hordaland sin nye klimaplan, og forvaltningsrapporten om SKYSS sitt nye billetteringssystem. Harald Hove er nøgd med planane.

– No er det viktig at klimaplanen vert fulgt opp, og at ein evner å sjå framover i kollektivtransporten. Det er mindre viktig å fordele skyld, enn å få systemet til å virke. Eg er glad for at det er semje om nettopp dèt på Fylkestinget. Representantar frå alt frå Høgre til Sosialistisk Venstreparti var einige om at det no er viktigare å få på plass eit godt billetteringssystem, enn å krangle om kva som gjekk gale.

Anne Beth Njærheim

Foto: Kari Østervold Toft

Andre saker vert òg handsama, og Anne-Beth Njærheim var spesielt opptatt av at når no ansvaret for universell utforming blir overført til kvar einskilde sektor i fylkeskommunen, må politikarane oppretthalda fokuset på like rettar for alle brukarane av fylkeskommunale tenester.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**