Bjørnar Hamre

Hei!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bjørnar Hamre

Foto: Ukjent

Eg er 26 år, kjem opphavleg frå Selje i Sogn og Fjordane, men flytta til Bergen 2001. Til dagleg jobbar eg som IT-konsulent i Helse Vest IKT samstundes som eg studerar informasjonsvitskap og leiing. Eg har sidan valkampen 2005 vært aktiv i Hordaland Unge Venstre, kor eg har hatt mange verv inkludert fylkesleiar. Eg blei på eit medlemsmøte i Hordaland Unge Venstre vald til ungdomskandidat til Fylkestinget, og skal derfor representere Unge Venstre i fylkestingsvalkampen.

Grunnen til at eg har lyst på ein plass på Fylkestinget er at eg er opptatt av å forbetre den vidaregåande skulen, og ynskjer då særlig å fokusere på områda fråfall, lærlingar og yrkesfagleg utdanning. Av dei cirka 13000 yrkesfagelevane som på landsbasis søkte om lærlingplass i mars, står no 4500 utan lærlingplass. Det er altfor mange unge som aldri får høve til ei grunnleggande vidaregåande utdanning; som står utanfor arbeidslivet allereie før ein har teke del i det. Fylkeskommune sin handlingsplan mot fråfall er berre eit lite steg i riktig retning – fylkeskommunen må også auke fokuset på lærlingar og mangel på lærlingplassar. Eg har sjølv gått på fire forskjellige vidaregåande skuler i to forskjellig fylker, og vore IKT-lærling på ein femte. Dette har gitt meg mange erfaring eg ynskjer å ta med seg inn på Fylkestinget.

Liberal helsing
Bjørnar Hamre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**