Frotane i oppdrettsdebattenhar stått hardt mot kvarandre i BT sine debattspalter siste tida. Rune Jensen skreiv i sin kronikk 14. september at grensa er nådd for kor mykje samfunnet kan ofre for å redde arbeidsplassane i oppdrettsnæringa. Han fekk svar av Hans Inge Algrøy 17.09., som igjen fekk tilsvar av Frode Strønen 21.09. Som politikar tenker eg at balansen truleg ligg ein stad mellom desse steile frontane.
Noreg har eit spesielt ansvar for å ivareta den nordatlantiske laksestamma. Samstundes er oppdrettsnæringa ei av våre viktigaste eksportnæringar. Vi må no dra nytte av dei gode tidene med store overskot i oppdrettsnæringa til å gje vill-laksen og sjøauren vilkår som tryggjer framtidige levekår for desse, samstundes som vi legg til rette for ei meir berekraftig oppdrettsnæring. Difor må vi stille strenge krav til næringa for å få bukt med lakselusplagene og minimere rømming av fisk, satse på forsking, samt prøve ut lukka anlegg. Avgiftspolitikken må nyttast aktivt for at det skal lønna seg å drive mest mogeleg berekraftig.
Lukkast vi med dette har vi lagt kinderegget; villaksen og sjøauren får levedyktige vilkår, oppdrettsnæringa bidreg på ein meir miljøvenleg måte til kosthaldet i verda og turistnæringa får dra nytte av fisket i elvar, fjordar og vassdrag i kampen om kor ein skal rekreera. Klarer vi ikkje dette vil framtida til oppdrettsnæringa vere i stor fare. Forsking på nye løysingar, ny teknologi og meir berekraftige driftsformar kan bidra til nyskaping og eksporthøve for småbedrifter og næringslivet i kystdistrikta.
Stadig fleire elvar er og blir stengt for fiske etter laks. Til dømes er Hardangerfjorden stengt for slikt fiske, og delar er stengt for fiske etter sjøaure. Havforskingsinstituttet har rapportert om så høge tal for lakselus per fisk i Hardangerfjorden at det er fare for sjøaurebestandar om dette varer ved. For Venstre er det eit mål at framtidas oppdrettsnæring skal vere berekraftig. I enkelte land har dei teke for lite omsyn til miljøet når dei har utvikla næringa, konsekvensen er no at mindre fisk er tilgjengeleg på marknaden. Prisane har gått opp som ei følgje av dette, noko som gir og vil gje gode tider for næringa i Noreg dei komande åra. Derfor har oppdrettsnæringa eit gyllent høve til å ta den miljøvenlege omstillinga no. Og vi som er politikarar må våga å setje klåre krav til næringa, av omsyn til både naturen og næringa sjølv. Det må heller ikkje opnast for meir fisk i merdane før ein har klart å handtera dei store miljøutfordringane som næringa har i dag.
Synnøve Handeland, fylkesleiar Hordaland Venstre
Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende 6. oktober.