Les også oppslaget i Bø blad.
Bø Venstre si liste til kommunevalget 2011
1.Olav Kasland, f. 1961
Olav er regiondirektør i Forbrukerrådet for Telemark, Vestfold og Buskerud. Han har sete i Bø kommunestyre, Bø formannskap og Midt-Telemarkrådet denne perioden, og har gjort ein svært god jobb for for Venstre og for bygda. Olav har ein solid erfaringsbakgrunn frå internasjonalt hjelpearbeid og frå leiarstillingar innan stat og kommune, samt frivillige organisasjonar her i landet. Han er ein dyktig og engasjert person og ein opplagt ordførarkandidat.
2. Ingebjørg Ørnulfsdatter Nordbø f. 1955
Ingebjørg er til dagleg å finne på Gullbring Kulturanlegg der ho driver Kafe Olsen. I denne perioden er ho medlem av Bø kommunestyre og PTN utvalet. Ho har markert seg som ein uredd talsmann i miljøspørsmål og har i denne perioden serleg vore engasjert i utviklinga av Evjudalen og på Lifjell. Ingebjørg er oppteken av at det skal vera stor takhøgde i politikken. Tidlegare har ho i mange år vore sjølvstendig næringsdrivande med Roxy platebar, og Roxy kaffebar.
3. Augon Eika f. 1950
Augon er eit nytt namn på Venstrelista. Men dei fleste i Bø kjenner Augon i Banken. Augon har alltid hatt stor interesse for bygda si, og vil nå ta eit tak også på den politiske arena. Augon er leiar i Idrettsrådet i Bø og har elles lagt ned eit stort arbeid i Bø skyttarlag. Som bankmann er han vel kjend med Bøsamfunnet og ser fram til å kunne vera med å påverke i dei sakene han brenn for.
4. Kristin Ødegård Vestgarden f. 1960
Kristin er også ny på Venstrelista og kjem frå ein familie med lange Venstretradisjonar. Kristin er et ja-menneske, og har jobba mykje med kulturtilbod for barn og unge. Ho har i mange år vore leiar i Bø ungdomslag og er ein dyktig organisator. Kristin har sin daglege arbeidsplass på Høgskolen i Telemark, Bø.
5. Geir Sønstebø f.1951
Geir er seniorrådgiver i Kommunenes Sentralforbund i Buskerud, Vestfold og Telemark. Arbeidsoppgaver: Trygge lokalsamfunn og forebygging av kriminalitet, samt arbeidsgiverpolitikk og NAV. Geir er oppteken av at det offentlege må ha hovedansvaret for helse, skule og barnehager, men med rom for privat inititiativ og valgfridom. Han er også oppteken av at kommunepolitikarane må få eit større reelt handlingsrom i forhold til statleg styring.
6. Hilde Risan f. 1966
Hilde er sekretær i styret i Bø venstre. Hilde er eit samfunnsengasjert menneske og er særleg oppteken av dei store uløyste oppgavene innan helse og omsorg Ho har vore engasjert i speiderbevegelsen, og hatt ulike tillitsverv der. Ho har også vore leiar i barne.- og ungdomsgruppa i Grenland sportsfiskeklubb.
7. Olav Lahus f.1968
Olav er Dr.ing./Seksjonssjef Bru Statens vegvesen Region sør. Olav har vore engasjert i barneidrett og handball. Han er ein friluftsmenneske med elgjakta om høsten som høgdepunkt. Han er opptatt av at Venstre har fokus på utvikling av nærmiljø og næringsliv i samspel mellom privat sektor og staten. Han peikar på at Venstre står for open dialog og meiningsutveksling, og at ei positiv samfunnsutvkling må vera basert på omsorg, kunnskap og frihet.
8. Heidi Elise Kvale f.1980
Heidi har master i kultur frå HIT og er nå dagleg eiar i Kroa i Bø. Ho er bl.a. interessert i musikk og litteratur og har engasjert seg i kulturlivet i Bø bl.a. som leiar av Telemarksfestivalen. Ho er oppteken av at vi alle skal ha fridom til å velge våre eigne liv og vår eigen framtid, men samtidig ikkje gå over lik for å kome dit. Vi skal ta vare på dei som trenger og tas vare på, Venstre var derfor eit naturleg valg seier ho.
9 Per Espen Fjeld 1959 Naturveileder
10 Anita Cesilie Kirkevold 1969 Naturforvalter
11 Kjell Stundal 1945 Dagleg leiar
12 Hæge Straand Sunde 1941 Pensjonist
13 Halvor Gåra 1946 Lektor
14 Bergit Askildt Myrjord 1944 Dagleg leiar
15 Per Johan Nordvik 1959 Kyrkjetenar
16 Oddbjørg Nevestveit 1953 Faglærar
17 Øyvind Dag Dahle 1968 Miljøvernrådgjver
18 Anne Grimstad Fjeld 1956 Høgskolelektor
19 Lars Lyngdal 1972 Miljøterapeut/lærer
20 Aase Haukaas Gjerde 1967 Høgskulektor/advokat
21 Sveinung Astad 1947 Lektor