Landsstyremøte og landskonferanse i Oslo

Komande helg kallar Venstre sentralt inn til stor Venstre-helg på Thon Hotell Opera i Oslo. På plakaten står eit omfattande program.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I landsstyret skal ein drøfte og vedta mellom anna handlingsplan for perioden 2010-2021, medan landskonferansen blir ei retteleg stormønstring med innleiing til debatt av statsvitar Frank Aarebrot om Venstre sin plass i norsk politikk før lunsj laurdag. Elles blir det utover helga valfrie sesjonar med fokus på valet i 2011, innleiing og debatt kring livsvilkår for grøn industri, ny vekst og verdiskaping, bedriftskampanjen og listestilling.

Programmet for helga blir slik:

FREDAG 1. oktober
14:00 Sentralstyremøte

Landsstyret startar
18:00 Møtestart
18:00 Velkomen og konstituering
18:15 Generalsekretærens statusorientering
18:45 Handlingsplanen
– Innleiing ved Mona Haugland Hellesnes
20:30 Fråsegner

21.00 Middag
LAURDAG 2. oktober
09:00 Listestilling 2011
– Innleiing v/Odd Einar Dørum
09:45 Revidert budsjett VHO
10:00 Fråsegner

Landskonferansen startar
11:00 Velkomen til landskonferansedeltakarane
– Innleiing ved partileiar Trine Skei Grande

11:15 Venstres plass i norsk politikk
– Innleiing ved professor i statsvitenskap Frank Aarebrot

12:15 Lunsj

13:00 Valfrie sesjonar: BOLK 1:
Sesjon 1: Korleis laga alternative Venstrebudsjett?
– v/ Hans Antonsen og Mona H. Hellesnes, Venstre-ordførarar

Sesjon 2: Medie- og informasjonsarbeid
– v/ infoteamet

Sesjon 3: Møte- og taleteknikk
– v/ Guro Fjellanger, bystyrerepresentant Oslo Venstre

Sesjon 4: Organisering og gjennomføring av valkampen som garanterar suksess
– v/ Reidar Lindseth, ordførar i Flatanger

Sesjon 5: Mobilisering og synlegheit gjennom programarbeidet
– v/ Helge Solum Larsen, Ola Elvestuen m.fl.

14:30 Valfri sesjonar, BOLK 2:

Sesjon 1: Korleis laga alternative Venstrebudsjett?
– v/ Hans Antonsen og Mona H. Hellesnes, Venstre-ordførarar

Sesjon 2: Medie- og informasjonsarbeid
– v/ infoteamet

Sesjon 3: Møte- og taleteknikk
– v/ Guro Fjellanger, bystyrerepresentant Oslo Venstre

Sesjon 4: Organisering og gjennomføring av valkampen som garanterar suksess
– v/ Reidar Lindseth, ordførar i Flatanger

Sesjon 5: Mobilisering og synlegheit gjennom programarbeidet
– v/ Helge Solum Larsen, Ola Elvestuen m.fl.

16:00 Kaffepause

16:30 “ en sandere Forstaaelse af vor frie Forfatning. Johan Sverdrups politiske metode og relevans”
– Innleiing ved Morten Søberg, politisk rådgjevar for Ola Borten Moe (Sp)

17:30 Bedriftskampanjen — oppfølging nasjonalt og lokalt
– Innleiing ved Trine Skei Grande

18.15 Slutt dag 1

19:30 Middag
SUNDAG 3. oktober
Landsstyremøtet fortset og Landskonferansen deltek i møtet.

09:00 Ny vekst og verdiskaping
– Innleiing ved Lars Peder Nordbakken, sentralstyret

09:30 Livsvilkår for grøn industri
– Innleiing ved Anne Grete Ellingsen (direktør for strategi og forretningsutvikling, SAE Vind) og Helene Fladmark (prosjektleder Eyde-nettverket, tidligere stortingsrepresentant)

10.30 Listestilling 2011
– Innleiing ved Odd Einar Dørum

11.00 Leiars tale
– Trine Skei Grande si innleiing og påfølgande debatt blir vist på VenstreTV (Lenke kjem)

12:00 Generell debatt

13:45 Oppsummering og avslutning
– v/ partileiar Trine Skei Grande

14:00 Møteslutt

14:00 Lunsj

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**