Formålet med dette skuleringsopplegget er mellom anna å sikre at listetoppane er trygge på vår eigen politikk, at dei er meir synlige, og å sikre ein bevisst strategi bak det daglege arbeidet i lokallaget og i gjennomføringa av valkampen.
Andre samling haust 2010 – Tema: Miljø og velferd
Dato: 30. – 31. oktober 2010
Tid: Start laurdag kl. 10.00. Avslutning søndag kl. 14.00
Stad: Scandic Hotel Bergen Airport, Kokstad
Møteleiarar frå VHO er Kjartan Almenning, Jan Christian Kolstø og Trine Skei Grande.
Førebels utkast til program følgjer nederst her og vedlagt.
Tida før lunsj på laurdag er reservert for lokale og fylkesvise opplegg. Program for dette vert ettersendt når det er klart.
Målgruppene er:
1. Eksisterande gruppeleiarar/førstekandidatane (når dei er nominerte) + 1 politikar til frå kvart lokallag.
2. Lokallagsleiarane/valkampansvarleg.
For dei som deltok på førre samling: Hugs heimelekser de fekk!
Påmelding: Sendast til fylkessekretær i Sogn og Fjordane Venstre, Linda Ness Rotihaug [email protected] innan 4. oktober. Det er ønskjeleg at påmeldingane vert innsendt av lokallagsleiaren.
Oppgje namn, adresse og om de skal delta både laurdag og søndag, om de ønskjer vere med på middag laurdag. Ønskjer de overnatting på hotellet må dette oppgjevast. Treng de overnatting frå fredag må dette også meldast.
Utgiftene fordelast slik: Sogn og Fjordane Venstre dekkjer dagpakkane for kvar deltakar. Reiseutgifter og eventuell overnatting må deltakarane/lokallaga dekkje sjølv.
Hotellopphald totalpris frå laurdag til søndag kr. 1745, – (heilpensjon)
Uten overnatting koster laurdag og søndag det 1031, –
Dagpakke laurdag: kr. 584 inkl. middag
Dagpakke søndag: kr. 447,-
Dersom ankomst fredag:
Rom/Frukost kr 810,- i enkeltrom
Rom/frukost med dagens 2-retters middag: kr. 1298,- p.p
(de bur då i 2 helpensjonsdøgn istadenfor 1 HP og 1 Dagpakke)
PRIS PR DELTAKAR:
Kr 1745,- = 1745
Sfj 584,- +447,- = 1031
Lokallaget sin del: 714,- I tillegg kjem reisekostnadane.
Hotellet har i tillegg gratis parkering.
VELKOMMEN TIL TO UTFORDRANDE OG LÆRERIKE DAGAR!
Skisse til program og invitasjon utsendt til lokallaga:
Tema: Miljø og velferd
LAURDAG 30. OKTOBER
10:00 Lokale samlingar – ansvar: Fylkeslaga
12:00 Lunsj
13:00 Velkommen til Lokalpolitisk nettverk, andre samling
13:15 Det perfekte lokallaget: Kjapp repetisjon frå førre møte
Presentasjon og diskusjon av heimelekser: Virksomhetsplan og medieplan
Oppsummering og presentasjon av bedriftskampanjen
14:00 Venstres miljøpolitikk: Prinsipp og initiativ
Lokale miljøutfordringar i regionen (ekstern innleiar)
15:00 Gruppearbeid: Miljøpolitikk, samspel lokalt og sentralt
– Nasjonale saker som kan brukast lokalt
– Lokale saker som kan brukast nasjonalt
– Lokale saker som kan brukast lokalt
16:00 Kaffepause
16:30 Venstres velferdspolitikk: Prinsipp og initiativ
Lokale velferdsutfordringar i regionen (ekstern innleiar)
17:30 Gruppearbeid: Velferdspolitikk, samspel lokalt og sentralt
– Nasjonale saker som kan brukast lokalt
– Lokale saker som kan brukast nasjonalt
– Lokale saker som kan brukast lokalt
18:30 Q&A ñ ein uformell quiz om Venstres politikk
19:00 Møteslutt dag 1
20:00 Middag
SØNDAG 31. OKTOBER
09:00 Oppsummering av gruppearbeid på miljø og velferd
10:00 Presse- og mediearbeid (repetisjon og framhald frå førre møte):
Korleis selge saker inn til media
Korleis bruke nettsider og sosiale medier
12:30 Meir om Venstres politikk:
– Lokaldemokrati
Meir om Venstres politikk:
– Integrering
13:15 Nominasjonsprosessar, listestilling og programarbeid.
Open spørsmålsrunde om arbeidet i organisasjonen.
Avslutning
14:00 Lunsj
Med venleg helsing
Fylkesstyret
v/ leiar Marit Barsnes Krogsæter