Mona Haugland Hellesnes

Kjære Venstrevener! Eg har stilt meg til disposisjon til fylkestingslista for valperioden 2011 — 2014, og ynskjer ein av dei tre øvste plassane på lista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Gjennom tre år som ordførar har eg blitt kjend med fylkespolitikk frå ein kommunal ståstad. Eg deltek i ei rekke arbeidsmøte, samlingar og samarbeidsutval der fylkeskommunen er initiativtakar og/eller deltakar. Dette har vekt mi interesse for fylkespolitikken i sterkare grad enn tidlegare. Kombinasjonen lokalpolitikar og fylkespolitikar kan fungera godt, og fleire av dei andre partia har denne kombinasjonen i inneverande periode. Saka om Kraftlinja i Hardanger har og gitt meg nyttige erfaringar som eg ev vil ta med meg inn i fylkespolitikken. Eg er klar for å gjere mitt beste, om eg får dykkar tillit.

Mona H. Hellesnes

Foto: Ukjent

Politiske saker
Store Venstresaker som utdanning og næringsutvikling er særs viktig i fylkespolitikken. Fylkeskommunen er skuleeigar for alle dei vidaregåande skulane, og Venstre sin politikk på dette feltet må synleggjerast i den kommande valkampen. Det gjeld sjølvsagt skuletilbodet og rammene for elevane, men og fylkeskommunen som skuleeigar og arbeidsgjevar for mange tilsette. Fylkeskommunen er ein særs viktig regional utviklingsaktør. Mange viktige saker for næringslivet i regionen, tilrettelegging og stimulering for både nye og eksisterande verksemder, ligg til fylkesnivået. Venstre sin næringspolitikk vart kåra til den beste i fleire aviser før valet i 2009. Den er like aktuell i eit fylke med stor nasjonal og internasjonal verdiskaping!

Bergen er ein naturleg motor og viktig generator for resten av fylket. Fylkeskommunen har eit overordna ansvar for at Bergen er den generatoren. Samferdslepolitikken, og særleg kollektivtilbodet, er avgjerande for ei god byutvikling. Eg er opptatt av å vidareutvikla og betra dette, i samarbeid med bystyrerepresentantane våre.

Fylkeskommunen har fått eit stort ansvar for samferdslepolitikken, og eg er opptatt av at vi her må finna løysingar som er tilpassa den einskilde region. Og vi må vere opptatt av løysingar som fungerar både for næringsliv, innbyggarar, og ikkje minst miljø.

Venstre sitt program, som vert vedteke på årsmøtet i februar 2011, vil sjølvsagt vere styrande for mitt arbeid om eg blir nominert og kjem inn i Fylkestinget.

Politisk erfaring
1995 — 2003 Folkevald i Ulvik, gruppeleiar (med Terje Breivik som ordførar). Leiar av hovudutval for næring og kultur frå 1999.

2007 — Ordførar i Ulvik. Venstre største parti ved lokalvalet i 2007 (33,4 %)

2008 — 2010 Fylkesleiar i Hordaland, medlem av landsstyret i Venstre

2010 – Sentralstyremedlem i Venstre

Som einaste Venstreordførar i Hordaland har eg og fått god kontakt med kollegaer i andre parti, og med fylkespolitikarar. Eg er godt kjent i fylket gjennom oppvekst på Askøy, eit par år på vidaregåande skule på Voss, og tidlegare jobbar med mellom anna bygdeutvikling og reiseliv. Ynskjer du meir informasjon om meg, sjå Liberal nr 3- 2010, som kom ut 15. september.

Lukke til med listestilling og førebuing til lokalvalet i alle kommunane!

Beste helsing
Mona H Hellesnes

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**