Jan Roger Olsen
ga ei omfattande orientering, der sjukehusstrukturen står fast:
– Basisfunksjonar ved alle tre sjukehus, i Flekkefjord, Arendal og Kristiansand
– lokalsjukehusfunksjonar inkl fødetilbod og akuttfunksjonar for nærområdet
– ulike vaktordningar, tilpassa øvrige funksjonar og øyeblikkelighjelpsbelastning
Det skal vere spesialiserte elektive funksjonar i Arendal og spesialiserte akuttfunksjonar i Kristiansand, med unnatak for PCI (hjertesenteret) i Arendal.
Nytt sjukehus på Sørlandet kan/vil kome tidlegast om 20 år.
– Vi har tre sjukehus, og skal ha det. Vi er avhengige av å ha alle tre sjukehusa velfungerande for å kunne gi det tilbodet vi har plikt til å gi folk i landsdelen, sa Jan Roger Olsen, og la til: – Det er ikkje mogleg å gi godt nok tilbod utan eit velfungerande sjukehus i Arendal.
Olsen sa også at både Østfold, Oslo, Buskerud og Innlandet står langt foran Sørlandet i køen for å bygge nytt sjukehus. Så om noen VIL bygge nytt felles sjukehus for landsdelen nå, er det totalt urealistisk.
Sjå meir på www.sshf.no, der Olsens manuskript blir lagt ut etter kvart.