på dagens miljøfyrtårnkonferanse i Arendal kulturhus. Konferansen blei åpna med at også Arendal kulturhus fekk diplom som godkjent miljøfyrtårn.
Erik Friis Jacobsen fortalte om Thon Hotels som tapte ein stor anbudsrunde i 2004 fordi hotella ikkje var miljøvennlege nok. det ga startskotet for eit konkret mål om at alle hotella i kjeden skulle miljøsertifiserast, og det er dei nå. Frå 2008 er Thon Hotell i Arendal også med i Klimapartnarsamarbeidet som Arendal kommune har tatt initiativ til, og nå i samarbeid med turistsjef og miljøvernrågivar i Arendal med det nye konseptet Grønne konferanser. I Grønne konferanser brukar hotellet miljøfyrtårnsertifikatet til å lage “lavutslippskonferanse” gjennom grundig samarbeid med gjestane/konferansearrangøren. Det blir tatt omsyn til mat7drikke (kortreist), transport, kundedialog, klimanøytralitet, rekvisitia (resirkulert papir, miljøvennlege pennar osb), møterom, kveldsarrangement og turar skal vere miljøvennlege, og alt blir lagt til rette for eit minst mogleg forbruk.
Erik Friis Jacobsen kunne opplyse ei stor miljøfyrtårnforsamling om at det alt nå er stor etterspørsel etter miljøvennlege koneransar i Arendal.