systematisk arbeid på alle plan som kan styrke miljøet, ga Risør videregående skole inspirasjon til andre skolar frå heile landsdelen.
Lærarar og elvar fortalte om skolemiljøutvalet og elevrådet, partnarsjkapsavtalar, entreprenørskap i utdanninga, gründercamp, ungdomsbedrifter, fellesdagar, miljøprosjekt som Svart Hav, Zero billøp, studietur til Samsø og gjennomgang av læreplanane.
Madelene Halvorsen snakka om miljøarbeidet som elev, om praktiske utfordringar med sortering av avfall i kantina, om deltaking på gründarcamp, miljøvennleg bruk av webplattformar, prissetting i kantina som gjer usunn og “sløsete” mat veldig dyr. Konklusjonen er at det er verdt å gjere arbeidet, og elevane er stolte over å vere med på å prøve å redde miljøet.