Velkommen på styre- og gruppemøte

I kveld er det styre- og gruppemøte i Hurum Venstre på Posthuset, Hovtun (Klokkarstua). Velkommen! Du kan forresten lese sakslista her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


INNKALLING
TIL STYRE- OG GRUPPEMØTE I HURUM VENSTRE
MANDAG 13. SEPTEMBER 2010 KL. 19.30

Møtestad: Posthuset på Hovtun, Klokkarstua.

Styret består av: Gunn-Torill Homme Mathisen, Geir Stave, Finn Dale Iversen, Merete Haug, Morten Kaksrud, Rune Sandsether
Vara: Roy Heien, Bjørn Lindvig, Mari Myhrene, Elin Sandsether

Kommunestyregruppa består av: Marianne Arctander; Geir Stave, Finn Dale Iversen, Gunn-Torill Homme Mathisen, Roy Heien, Rune Sandsether, Dag Berntsen, Mari Myhrene, Petter Normann Pettersen

NB! Eg ber om at alle i styret og i kommunestyregruppa gir tilbakemelding om dei kjem på møtet eller ikkje.

Det er viktig at styret er beslutningsdyktig, elles kan vi ikkje konstituere ny kasserar. Protokoll frå møtet må sendast med til banken.

SAKSLISTE
Sak 36/10 Godkjenning av innkalling og referat frå forrige møte

Sak 37/10 Referatsaker

Sak 38/10 Konstituering av kasserar fram til årsmøtet 2011
Kasseraren er flytta ut av kommunen. Vi må ha ein ny som sit fram til årsmøtet i januar.

Sak 39/10 Kandidatar til valglista til Buskerud Venstre ved fylkestingsvalget 2011
Frist for lokallaga til å kome med forslag er 1. oktober.

Sak 40/10 Landskonferansen i Venstre
Venstre, vekst og verdiskaping mot 2011

Helgen 2.-3. oktober avholdast Venstres landskonferanse på Thon Hotell Opera i Oslo. Dette er ei muligheit for alle folkevalgte og medlemmer til å møtast til faglig og sosialt opplegg. Dei første 100 påmeldte får plass, så her gjeld det å være kjapp. Påmelding og mer informasjon under www.venstre.no/landskonferanse. Deltakelsen dekkes av lokallagene selv.

Sak 41/10 Lokalpolitisk nettverk – kandidatskolering før valget i 2011
Den neste samling i LPN, Vs skoleringssatsing før lokalvalget 2011, finn stad 29.-30. oktober (fredag til laurdag) i Kongsberg. Buskerud har samling saman med lag frå Vestfold og Telemark. Møtet begynner fredag ettermiddag og sluttar lørdag ettermiddag. Sjå også på www.venstre.no/lpn Hovedtema på samlinga blir miljø- og velferdspolitikk, samt medie- og informasjonsarbeid. Påmelding skal være mulig snart. Som ved siste samling blir det økonomisk støtte fra Venstre sentralt til dei som deltar.

Sak 42/10 Virksomhetsplan for Hurum Venstre 2010-2011

Vi er pålagt frå Venstre sentralt å utarbeide ein virksomheitsplan fram til valget. Sjå vedlegg for førsteutkast. Utkastet er basert på ein mal frå Oslo Venstre som jo er eit fylkeslag og som derfor vert noko omfattande for oss. Vi tilpassar planen vårt lokallag.

Sak 43/10 Møteplan for hausten
Kva dagar passar best for deg?

Sak 44/10 Pubmøte?
På tide å arrangere eit folkemøte på pub?

Sak 45/10 Sakene til kommunestyremøtet 21. september

Sak 46/10 Eventuelt

Servering: Ja! Det blir servert nysteikt eplekake med krem

Alle medlemmer er hjarteleg velkomne!

Filtvet, 08.09.10

Gunn-Torill Homme Mathisen,
-leiar-

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**