Elevar som blir mobba på skulen får dårlege tilhøve for vekst og utvikling. Skulen skal vere ein stad der elevane kjenner seg trygge og blir stimulerte til å lære og til å utvikle seg sosialt. Difor kan ikkje vi akseptere mobbing på skulane våre.
Granskinga som syner at det er meir mobbing i vårt fylke enn andre fylke og dermed at det er fleire elevar som ikkje har det greitt på skulen, er alvorleg også for Møre og Romsdal i ein vidare samanheng. Ungdomar som trivst på skulen og har gode opplevingar frå heimfylket sitt, er lettare å få attende etter utdanning enn elevar som har hatt dårlege opplevingar. For fylket er det difor viktig også i ein rekrutterings samanheng, å prøve å eliminere mobbing frå skulen.
Vi har i dag metodar som har synt seg gode, for å hindre mobbing i skulen. Vi kan ikkje la alt vere pøvd for å gi elevane eign trygg og god skuledag. Denne utfordringa må utdanningspolitikarane våre ta. Venstre fremjar mobbesak i Utdanningsutvalet i første møte.
Kontaktperson
Gunn Berit Gjerde
Gruppeleiar, Venstres fylkestingsgruppe og medlem at Utdanningsutvalet
Mob 41544001
Se også sak i Vikebladet Vestposten
Og sak i Tidens Krav.